La meg være ung
Utsjånad
| «La meg være ung» Singel av Odd Børre & The Cannons og Wenche Myhre | ||
| Land | Noreg | |
| Språk | Norsk | |
| Utgjeve | 1964 | |
| Sjanger | pop | |
| Låtskrivar(ar) | Arne Bendiksen | |
|---|---|---|
«La meg være ung» (bokmåk for La meg vere ung) er ein singel av Odd Børre & The Cannons og Wenche Myhre, gjeven ut i 1964. Songen er skriven av Arne Bendiksen.[1]
Myhre gav ut ein tysk versjon av songen kalla «Laß' mich, wie ich bin». Den tyske teksten er skriven av Kurt Hertha. Den norske versjonen lå 15 veker på VG-lista i 1964; fem av dei på fyrsteplass. Singelen vart tildelt Den Norske Sølvplate 1964.
Eurovision
[endre | endre wikiteksten]Melodi Grand Prix 1964
[endre | endre wikiteksten]«La meg være ung» deltok i Melodi Grand Prix 1964, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1964 i København i Danmark. Songen vart framført på norsk av Odd Børre & The Cannons med eit lite orkester, og så på nytt av Wenche Myhre med eit stort orkester. Bidraget enda på tredjeplass med 57 poeng.[2][3]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «MGP 1964» (på norsk). OGAE Norge. Henta 6. juli 2014.
- ↑ «Norway 1964» (på engelsk). esc-history.com. Henta 18. juni 2014.
- ↑ «NORWEGIAN FINAL 1964» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 18. juni 2014.