Lafcadio Hearn
Lafcadio Hearn | |
Pseudonym | Koizumi Yakumo |
Statsborgarskap | Det britiske imperiet |
Fødd | 27. juni 1850 Levkáda |
Død | |
Yrke | skribent, romanforfattar, manusforfattar, professor, lyrikar, litteraturkritikar, barnebokforfattar, eventyrsamlar, journalist, omsetjar, universitetslærar |
Religion | buddhisme |
Far | Surgeon-Maj. Charles Bush Hearn |
Mor | Rosa Antonia Cassimati |
Ektefelle | Setsu Koizumi, Althea Foley |
Born | Kiyoshi Koizumi, Iwao Inagaki |
Lafcadio Hearn på Commons |
Patrick Lafcadio Hearn (27. juni 1850–26. september 1904), som japansk borgar Koizumi Yakumo (小泉 八雲), var ein forfattar og japanolog av irsk-gresk opphav. Han skreiv mange bøker om japansk kultur, og hadde stor tyding for dei kulturelle kontaktane mellom England og Japan.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Lafcadio Hearn var fødd på øya Lefkada (Levkáda) vest i Hellas som son av ein irsk militærlege og ei gresk kvinne frå Kýthira. Då han var to år gammal blei han teken til Irland, der han etterkvart blei teken hand om av mostera til faren, Sarah Brenane. Han fekk ei katolsk utdanning i Storbritannia og Frankrike, der han lærte seg fransk flytande.
I 1863 blei Hearn sendt til St. Cuthbert's College, Ushaw, eit katolsk seminarium ved det som no er University of Durham. Etter ei ulykke på skulen mista han synet i venstre auge då han var 16.[1]
Då Hearn var 17 år gammal blei grandtanta erklært konkurs etter at rådgjevaren hennar Henry Molyneux fyrst var blitt det. Hearn blei sendt til London ei tid for å bu hjå den tidlegare tenestejenta hennar, men måtte klara seg mykje sjølv med å driva gatelangs og bu på fattighus. Han utvida kunnskapen sin gjennom å vitja bibliotek og British Museum.[2]: p. 11 :pp. 29–30 I 1869 blei han sendt til New York i USA med beskjed om å dra til Cincinnati og oppsøka nokre fjerne slektningar av ein slektning. Der fekk han lita støtte, men måtte leva av lausarbeid. Etterkvart byrja han å verka som journalist for Cincinnati Daily Enquirer, der han mellom anna blei kjend for dramatiske skildringar av lokale drapssaker. Sidan drog han til New Orleans og Martinique, der han var fascinert av det kulturelle mangfaldet, eit emne han gjerne skreiv om. Han var korrespondent for Harper's Magazine på Martinique i to år, og skreiv i tillegg til tekstar for magasinet to bøker derfrå.[3][4]
Japan
[endre | endre wikiteksten]Etter at ha møtt den japanske kulturen ved ei utstilling i New Orleans, og lese ei omsetjing av Kojiki, bestemte han seg for å reisa til Japan.[1] Hearn kom til Japan i april 1890 på eit kortvarig korrespondentoppdrag, og fekk ein jobb som engelsklærar i Matsue same sommaren med hjelp frå den lokale japanologen Basil Hall Chamberlain. Seint i 1891 fekk Hearn ei ny lærarstilling i Kumamoto, ved femte høgare mellomskule (ein forløpar for Kumamoto universitet). Her blei han verande i tre år og fullførte boka si Glimpses of Unfamiliar Japan (1894). Rektoren ved skulen var grunnleggjaren av judo, Kano Jigoro. Hearn var fascinert av tenkinga kring ju-jutsu: «What Western brain could have elaborated this strange teaching, never to oppose force by force, but only direct and utilize the power of attack; to overthrow the enemy solely through his own strength, to vanquish him solely by his own efforts? Surely none! The Western mind appears to work in straight lines; the Oriental, in wonderful curves and circles.»[5]
I oktober 1894 fekk han arbeid som journalist ved den engelskspråklege avisa Kobe Chronicle, og i 1896, med noko hjelp frå Chamberlain, blei han lektor i engelsk litteratur ved Tokyo universitet. Same året gifta han seg med Koizumi Setsuko, som tilhøyrde ein lokal samuraifamilie, og blei japansk borgar med det japanske namnet Koizumi Yakumo. Etter å ha vore gresk-ortodoks, katolks og seinare spencerian blei han no ein buddhist.[6] Ekteparet fekk fire barn: Kazuo, Iwao, Kiyoshi og Suzuko.[7]
Natsume Sōseki fekk posten til Hearn ved Tokyo universitet i 1903, og han blei lærar ved Waseda universitet i staden. Hearn døydde ved eit hjarteåtak 26. september 1904, 54 år gammal.[1]
Forfattarskap og ettermæle
[endre | endre wikiteksten]Hearn skreiv tolv kjende bøker om Japan, mellom anna Glimpses of unfamiliar Japan (1894), Kokoro (1896), Gleanings in Buddha fields (1897) og framfor alt Japan, an attempt at interpretation (1904).[8] Mange av bøkene hans blir stadig gjevne ut og er mykje lesne, til dømes In ghostly Japan, Japan: An Interpretation og Glimpses of unfamiliar Japan. Japanarar er stadig fascinerte av Hearn, som med bøkene sine fyrst gjorde at dei kunne sjå kulturen sin gjennom augo til ein utanforstående. Han var òg ein av den fremste omsetjaren av japansk i vesten, og ein djerv og ukonvensjonell tenkjar i samtida si som var interessert i japansk folklore og folketru.
Asteroiden 8114 Lafcadio er kalla opp etter han.[9]
Verk
[endre | endre wikiteksten]Om Louisiana
[endre | endre wikiteksten]- La Cuisine Creole: A Collection of Culinary Recipes (1885)
- "Gombo Zhèbes": A Little Dictionary of Creole Proverbs, Selected from Six Creole Dialects. (1885)
- Chita: A Memory of Last Island (1889)
- Creole Sketches (1878-1880; published 1924) pdf full text
Om Karibia
[endre | endre wikiteksten]- Youma: The Story of a West-Indian Slave (1889)
- Two Years in the French West Indies (1890)
Om Japan
[endre | endre wikiteksten]Kjelde:[10]
- Glimpses of Unfamiliar Japan (1894)
- Out of the East: Reveries and Studies in New Japan (1895)
- Kokoro: Hints and Echoes of Japanese Inner Life (1896)
- Gleanings in Buddha-Fields: Studies of Hand and Soul in the Far East (1897)
- The Boy Who Drew Cats (1897)
- Exotics and Retrospectives (1898)
- Japanese Fairy Tales (1898, and sequels)
- In Ghostly Japan (1899)
- Shadowings (1900)
- Japanese Lyrics (1900)
- A Japanese Miscellany (1901)
- Kottō: Being Japanese Curios, with Sundry Cobwebs (1902)
- Kwaidan: Stories and Studies of Strange Things (1904)
- Japan: An Attempt at Interpretation (1904)
- The Romance of the Milky Way and Other Studies and Stories (1905)
Posthume antologiar
[endre | endre wikiteksten]- Letters from the Raven: Being the Correspondence of Lafcadio Hearn with Henry Watkin (1907), includes Letters from the Raven, Letters to a Lady, Letters of Ozias Midwinter
- Leaves from the Diary of an Impressionist (1911, Houghton Mifflin Company)
- Interpretations of Literature (1915, Dodd, Mead and Company). This is a selection of his University of Tokyo lectures (1896-1902).
- Appreciations of Poetry (London: William Heinemann, 1916). This is a further selection from his University of Tokyo lectures (1896-1902).
- Karma (1918)
- On Reading in Relation to Literature (1921, The Atlantic Monthly Press, Inc.)
- Creole Sketches (1924, Houghton Mifflin)
- Lectures on Shakespeare (1928, Hokuseido Press)
- Insect-Musicians and Other Stories and Sketches (1929)
- Japan's Religions: Shinto and Buddhism (1966)
- Books and Habits; from the Lectures of Lafcadio Hearn (1968, Books for Libraries Press)
- Writings from Japan: An Anthology (1984, Penguin Books)
- Lafcadio Hearn's America: Ethnographic Sketches and Editorials (2002, University Press of Kentucky)
- Lafcadio Hearn's Japan: An Anthology of His Writings on the Country and Its People (2007, Tuttle)
- American Writings (2009, Library of America)
- Nightmare-Touch (2010, Tartarus Press)
- Insect Literature (2015, Swan River Press; for details, see Insects in literature)
- Japanese Ghost Stories. Murray, Paul, ed. 2019 London: Penguin. ISBN 9780241381274
- Japanese Tales of Lafcadio Hearn. Andrei Codrescu, ed. 2019. Princeton: Princeton University Press.
Omsetjingar
[endre | endre wikiteksten]- One of Cleopatra's Nights and Other Fantastic Romances av Théophile Gautier (1882)
- Tales from Theophile Gautier (1888)
- The Crime of Sylvestre Bonnard av Anatole France (1890)
- [The Temptation of Saint Anthony av Gustave Flaubert (1910)
- Stories from Emile Zola (1935)
- The Tales of Guy de Maupassant (1964)
Anna
[endre | endre wikiteksten]- Stray Leaves From Strange Literature: Stories Reconstructed from the Anvari-Soheili, Baital Pachisi, Mahabharata, Pantchantra, Gulistan, Talmud, Kalewala, etc. (1884, James R. Osgood and Company)
- Some Chinese Ghosts (1887)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Lafcadio Hearn». www.hearn-museum-matsue.jp. Lafcadio Hearn Memorial Museum. Henta 29. august 2021.
- ↑ Cott, Jonathan (1990). Wandering Ghost: The Odyssey of Lafcadio Hearn. New York: Knopf. ISBN 9780394571522.
- ↑ «Two Years in the French West Indies». World Digital Library. 1890. Henta 22. august 2017.
- ↑ Hearn, Lafcadio (1890). Youma: Story of a Western Indian Slave. New York: Harper & Brothers. ISBN 9781404767379.
- ↑ Law, Mark (2007). The Pyjama Game: A Journey Into Judo (2008 utg.). London: Aurum Press Ltd. s. 41.
- ↑ Norman Foerster (1934), American Poetry and Prose, Revised and Enlarged Edition, Boston: Houghton Mifflin, s. 1149.
- ↑ Kazuo, Iwao, Kiyoshi, and Suzuko: Katharine Chubbuck, 'Hearn, (Patricio) Lafcadio Carlos (1850–1904)', Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004
- ↑ Carlquist, Gunnar (red.) (1932). Svensk uppslagsbok. Malmö: Svensk Uppslagsbok AB:s förlag, band 12, s. 836.
- ↑ «Minor Planet Center 8114 Lafcadio» (på engelsk). Minor Planet Center. Henta 20201021.
- ↑ «Lafcadio Hearn Bibliography». Trussel.com.
- Denne artikkelen bygger på «Lafcadio Hearn» frå Wikipedia på svensk, den 31. juli 2023.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Stevenson, Elizabeth: Lafcadio Hearn, Macmillan, New York 1961 (eng). Libris 1416442.