Lager Osen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lager Osen (norsk: Osen fangeleir,[1] Osen-leiren) var ein tysk fangeleir i Knutlia i dåverande Elsfjord kommune, nord i noverande Vefsn kommune. Leiren vart bygd som straffeleir for partisanar, først og fremst frå Serbia.

Saman med fangar i Fagerlia leir i Korgen skulle fangane vere med å byggje riksveg 50 (den seinare Europaveg 6 eller E6) over Korgfjellet. I "Lager Osen" vart alt 414 partisanar drepne; dei fleste serbarar, men også fleire kroatar og nokre bosniakkar.[2]

Fredsarbeide og venneforeining etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen har både Vefsn og Hemnes kommunar engasjert seg sterkt i vennskapsarbeidet gjennom Norsk Jugoslavisk Samband.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]