Lake Burton
Lake Burton | |||
Burton Lagoon | |||
innsjø | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Bekkar frå Vestfold Hills | ||
Utløp | Tidvasskanal knytt til Crookedfjorden | ||
Stad | Princess Elizabeth Land | ||
- koordinatar | 68°38′S 78°06′E / 68.633°S 78.100°E | ||
Areal | 1,35 km² | ||
Volum | 9 690 000 m³ | ||
Type | Meromiktisk | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Lake Burton 68°38′00″S 78°06′00″E / 68.6333°S 78.1°E | |||
Lake Burton, òg kalla Burton Lagoon, er ein meromiktisk og salt innsjø i Vestfold Hills i Princess Elizabeth Land i Aust-Antarktis, som høyrer til Australsk Antarktis. Innsjøen har eit overflate areal på 1,35 km2, eit volum på 9,69 million m3, ei største djupne på 18,3 m og ei middeldjupne på 7,16 moh. Innsjøen er kalla opp etter H.R. Burton, ein biolog som arbeidde i Vestfold Hills i Antarktis.
Innsjøen er dekt av is 10-11 månader av året. Ein tidvasskanal knyter innsjøen til Krokfjorden i 6-7 månader av året. Tidvasskanalen har ei breidde på kring 20 meter og er kring 2 meter djup. Lake Burton er den einaste meromiktisk lagunen som er ein del av Det antarktiske særskilde verneområdet (ASPA) nr. 143 i Aust-Antarktis, og ein må ha særskild løyve for å vitje innsjøen.
Ein diatoméanalyse av lagunen har vist at han inneheld 41 artar og er eit rikt lager av psykrofile fotosyntetiske bakteriar. Den heterotrofe bakterielle mikrobiotaen og økologien til dei fotosyntetsiek bakteriar i Lake Burton vart studert i 1970-åra og 1980-åra. Dei fann òg ut at saltinnhaldet aukar nedover i djupna, og fører til vatn med høg tettleik og eit mijø med lys om sommaren, mørkre om vinteren, og oksygenhalding og oksygenfattig vatn, diktert av fototrofe bakteriar.
Geografi og klima
[endre | endre wikiteksten]Lake Burton ligg ved Ingrid Christensen Kyst i Princess Elizabeth Land, ved omtrent same lengdegrad som India. Området av kystlinja ligg mellom Jennings Promontory, ved 72°33'E og vestenden av Westisen ved 81°24'E i vestre halvdelen av Princess Elizabeth Land, like aust for Ameryisen. Innsjøen er kalla opp etter H. R. Burton, ein biolog som arbeidde i Vestfold Hills i Antarktis.[1][2] Innsjøen, som tidlegare var ein fjord,[3] er dominerer vestsida av Vestfold Hills-området og det som i dag er kjend som Mulehalvøya.[4] Innsjøen ligg nordvest for Sørdsdalbreen, søraust for Oldroyd Island og sørvest for Trynøyane. Innsjøen har eit areal på 1,35 km2, eit volum på 9,69 million m3, ei største djupne på 18,3 moh og ei middeldjupne på 7,16 moh.[5][6][7]
Klima i verneområdet vert registrert ved Davis-stasjonen, som ligg 10 km nordvest for Marine Plain, ikkje langt frå innsjøen.[8] Vêrdata ved denne stasjonen vil derfor òg skildre innsjøen godt. Området har eit maritimt arktisk klima som er kaldt, tørt og vindfult, med soldagar om sommaren. Temperaturen varierer frå -1 °C til 3 °C om sommaren med ein maksimumstemperatur på 5 °C. Temperaturen held seg under 0 °C det meste av året. Om vinteren er temperaturen ned mot -40,7 °C.[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lake Burton» frå Wikipedia på engelsk, den 23. februar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ralph, B. J. (1980). Biogeochemistry of ancient and modern environments: proceedings av Fourth International Symposium on Environmental Biogeochemistry (ISEB) and, Conference on Biogeochemistry in Relation til Mining Industry and Environmental Pollution (Leaching Conference), held in Canberra, Australia, 26 August-4 September 1979. Springer. s. 128. ISBN 978-0-387-10303-7. Henta 7 July 2011.
- ↑ Ferris, J. M.; Burton, H.R.; Johnstone, G.W. (1 desember 1988). Biology av Vestfold Hills i Antarktis: proceedings av symposium, Hobart, August 1984. Kluwer Academic Publishers. ISBN 978-90-6193-616-9. Henta 7 July 2011.
- ↑ Stonehouse, Bernard (2002). Encyclopedia of Antarctica and the southern oceans. John Wiley and Sons. s. 180. ISBN 978-0-471-98665-2. Henta 7 July 2011.
- ↑ Stonehouse, Bernard (2002). Encyclopedia of Antarctica and the southern oceans. John Wiley and Sons. s. 180. ISBN 0-471-98665-8.
- ↑ «Lake Burton: verda Lake Data Base». International Lake Environment Committee Foundation – ILEC. Arkivert frå originalen 22. juli 2011. Henta 23. februar 2014.
- ↑ «Det antarktiske særskilde verneområdet nr. 143 Marine Plain, Mulehalvøya, Vestfold Hills, Princess Elizabeth Land». Scientific Committee on Antarctic Research. Arkivert frå originalen 24. november 2012. Henta 23. februar 2014.
- ↑ 7,0 7,1 «Det antarktiske særskilde verneområdet nr. 143 Marine Plain, Mulehalvøya, Vestfold Hills, Princess Elizabeth Land» (pdf). National Science Foundation. s. 1116. Henta 23. februar 2014.
- ↑ Kennett, James P. (1992). The Antarktis paleoenvironment: a perspective on global change, part one. American Geophysical Union. s. 256. ISBN 978-0-87590-838-0. Henta 7 July 2011.[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Fotografi ved innsjøen i solnedgang Arkivert 2012-03-18 ved Wayback Machine.