Ameryisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 69°45′S 71°0′E
Ameryisen
isbrem
Amery Ice Shelf.jpg
Satellittbilete av ein del av Ameryisen, der tre store sprekker møtes.
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Oates Land
 - koordinatar 69°45′S 71°0′E
Administrert under Antarktistraktaten
Ameryisen is located in Antarktis
Ameryisen (Antarktis)

Ameryisen er ein brei isbrem i Antarktis ved enden av Prydzbukta mellom Lars Christensen Kyst og Ingrid Christensen Kyst. Han er ein del av Mac. Robertson Land. Namnet «Cape Amery» vart nytta om ein kystvinkel kartlagt den 11. februar 1931 av British Australian New Zealand Antarctic Research Expedition (BANZARE) under Douglas Mawson. Han namngav isbremmen etter William B. Amery, som representerte den britiske regjeringa i Australia (1925–28). Advisory Committee on Antarctic Names tolka denne vinkelen som ein del av ein isbrem og i 1957 vart namnet Amery nytta om sjølve bremmen.

I desember 2006 vart det rapportert av Australian Broadcasting Corporation at australske forskarar var på veg til Ameryisen for å undersøke enorme sprekker som hadde danna seg i løpet av eit tiår med ein fart på tre til fem meter per dag. Desse sprekkene truga med å bryte av eit tusen kvadratkilometer stort stykke av Ameryisen. Forskarar ønskte å finne ut av årsaka til sprekkdanninga, sidan det ikkje hadde vore liknande aktivitet sidan 1960-åra. Forskarane meinte det var for tidleg å gje global oppvarming skulda for sprekkdanninga, sidan det var mogeleg at det var ein naturleg 50-60-års syklus som var ansvarleg.[1]

Lambertbreen flyt frå Lambert Graben og inn i Ameryisen på sørvestsida av Prydzbukta.

Amery Basin er eit undersjøisk basseng nord for Ameryisen.

Den kinesiske Zhongshan-stasjonen og den russiske Progress-stasjonen ligg nær denne isbremmen.

Ameryisen er liten samanlikna med Rossisen og Filchner-Ronne-isen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]