Laksforsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Laksforsen
foss
Laksforsen.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Grane
Elv Vefsna
Totalt fall 17 m

Laksforsen
65°37′26″ N 13°17′31″ E
Wikimedia Commons: Laksforsen

Laksforsen er eit 17 meter høgt fossefall i elva Vefsna i Grane kommune i Nordland fylke. Fallet ligg om lag 20 km nord for Trofors. Vassføringa ligg på 700  vatn pr. sekund.

Fossen ligg like ved E 6, som gjer han til ein mykje besøkt turistattraksjon. Fossefallet vart besøkt av 80 000 personar i 2004.

Laksetrappa opp fossen er stengd for å hindre gyrodactylus-smitta laks å komme seg vidare opp i vassdraget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]