Grane kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grane kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Trofors
Areal 2 010 km²
 - land 1 902 km²
 - vatn 108 km²
Folketal 1 462 (1. januar 2016)
Folketettleik 1 / km²
Målform Nøytral
Ordførar Bjørn Ivar Lamo (Ap)
Kommunenummer 1825
NO 1825 Grane.svg
Wikimedia Commons: Grane

Grane (sørsamisk Gaala) er ein kommune i Nordland med Trofors som administrasjonsstad. Andre grender i kommunen er Majavatn, Austervefsna og Svenningdal. Kommunen grensar i nord mot Vefsn kommune, i aust mot Hattfjelldal, i sør mot Røyrvik og Namsskogan kommune, og i vest mot Bindal og Brønnøy kommune.

Viktige næringsvegar er jordbruk og skogbruk. Europaveg 6 og Nordlandsbanen passerer gjennom kommunen. Det går vegsamband til Hattfjelldal og Sverige, og Tosenvegen, som startar i Vasselv, fører ut til kysten av Helgeland.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Store delar av kommunen består av skog - og fjellområde. Bjortjønnlimyrene naturreservat og delar av Børgefjell nasjonalpark ligg i kommunen. Ved Trofors møtest elvane Austervefsna og Svenningdalselva og dannar vassdraget Vefsna. Saman med Hattfjelldal er Grane den eine av to kommunar i Nordland utan kyststripe.

Den største turistattraksjonen i Grane er Laksforsen i Vefsna. Fossen ligg om lag 20 km. nord for Trofors.

Elvar, fjell og vatn i Grane[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grane var opphavleg ein del av Vefsn, men blei skilt ut som eigen kommune i 1927. Under 2. verdskrig blei fleire personar skote i samband med Majavatn-affæren.

Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]

Tusenårsstaden til kommunen er Grane bygdetun ligg på Gammelsagmaro like aust for Trofors sentrum. Bygdetunet er byggt opp av ei rekke verneverdige bygningar som er henta frå ulike delar av kommunen og gjenreist på bygdetunet. Bygdetunet blei offisielt opna i 1998 og har ein sentral plass i gjennomføringa av Granedagene, som blir arrangert i midten av juni kvart år.

Frå Grane bygdetun er det opparbeidd tursti til fangstanlegget på Tromoan, der du finn ein rekke fangstgroper frå yngre jarnalder.

Kjende graneværingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]