Lambeg-tromme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lambeg-tromme
St Patrick's Day, Omagh 2010 (60) - geograph.org.uk - 1757828.jpg
Klassifiseringmembranofon
Hornbostel-Sachs klassifisering211.212.1

Lambeg-tromme er ei stor sylindrisk tromme, til vanleg over 90 centimeter (3 fot) brei, og over 1,2 meter (4 fot) i diameter. Tromma er laga av geiteskinn strekt over ei eikeramme. Ein reknar med at trommene stammar frå krigstrommene til Dutch Blue Guard i kong Williams hær mot slutten av 1680-talet. Ein slår på tromma med ei omlag 30 centimeter lang stikke av malakka cane. Men ein kan og produsera drumpe drønn ved å dælja laus på tromma med klubber. Ein reknar med at Lambeg-tromma kan produsera ljodstyrke på omlag 120 decibel.[1]

Lambeg-trommer er vanlege i band som spelar i paradar for Orangeordenen, Apprentice Boys of Derry, Royal Black Institution eller liknande unionistiske og lojalistiske organisasjonar.

Occasionally, over the general din, can be heard the unmistakable and unforgettable fusillade made by the Lambeg drum, that enormous, ancient, intimidating bass drum, peculiar to this corner of the world. The Lambeg drums are beaten or "chapped" with cane saplings, to a curious broken rhythm which can whip the listener - as well as the drummer - into a frenzy of excitement or fear. "No-one [...] who has heard the Lambeg drum can never forget the experience or feel quite the same way again"[...].[2]

Ein reknar med at Lambeg-tromma har fått namnet sitt etter staden Lambeg (irsk Lann Bheag, lita kyrkje) som ein gong var ein liten landleg landsby mellom Belfast og Lisburn, som no er ein del av den sørvestlege utkanten av Stor-Belfast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kevin Haddick-Flynn: Orangeism. The making of a tradition. Dublin, Wolfhound Press 1999, s. 421. ISBN 0-86327-659-8
  2. Tony Gray; The Orange Order. London, The Bodley Head 1972, s. 7f. ISBN 0-370-01340-9

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lambeg-tromme