Vegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Demonstrasjon av korleis ein lager ein leirklint flettverk i Indiana.
Konstruksjon av ein vegg som kan stå imot syklonar i Darwin i Australia.

Ein vegg er ein loddrett struktur som skil ulike område frå kvarandre. Han kan vera eit skilje mellom innsida og utsida av ein bygning, eller mellom ulike rom inni bygningar.

Ordet «vegg» (norrønt veggr) kjem frå ei indoeuropeisk rot som tyder å 'sno' eller 'vinda'. Ordet vidje har same etymologiske opphav, noko som kan tyda på at veggar i førhistorisk tid var laga av leirklint flettverk.[1]

Veggar kan ha éin eller fleire av følgjande funksjonar: Bering for bjelkelag eller tak; vêrhud mot klimapåkjenningar; isolering mot temperaturforskjellar, skjerming mot innsyn, vern mot inntrengjarar, eller deling av rom for ulike føremål. Bereveggar viser til alle ytter- og innerveggar som understøtter etasjeskiljarear og tak, medan lettveggaer viser til ikkje-berande, innvendige skiljeveggar.

Ein kan byggja veggar på mange måtar. Ein skil mellom massivkonstruksjonar og skjelettkonstruksjonar. Solide massivkonstruksjonar som murverk, lafteverk eller betong kan kombinera dei fleste funksjonene i éin og samme vegg, der det berande materialet er gjennomgaande i tverrsnittet av veggen frå utside til innside. Skjelettkonstruksjonar har eit berande skjelett av stolpar, sviller og skråstivarar. Opningene mellom desse berande delane må tettast med eit romavgrensande og isolerande materiale i mellomromma, eller få ei kleding på minst éi side av berekonstruksjonen. Bindingsverk er ein typisk skjelettkonstruksjon som anten må utmurast eller få ei kleding.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Falk, Hjalmar og Torp, Alf: «Etymologisk Ordbog over det norske og det danske Sprog», Oslo 1991 ISBN 82-90520-16-6 s. 998, 981