Landskapsvernområde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit landskapsvernområde er eit områdevern, av statleg eller privat grunn, som vert sett i verk med heimel i naturvernlova. Eit landskapsvernområde er den minst strenge forma for områdevern som finst i Noreg, og altså mindre strengt enn naturreservat og nasjonalparkar. Landskapsvernområde omfattar eigenarta natur- eller kulturlandskap og blir mellom anna brukt for å for å ta vare på kulturlandskap i aktiv bruk.

Det blir i nokre tilfelle skilt mellom landskapsvernområde, landskapsvernområde med dyrelivsfreding og landskapsvernområde med plantelivsfreding. Per 1. januar 2006 hadde Noreg 159 landskapsvernområde med eit samla areal på 14 000 km², noko som er 4,4 % av arealet i Noreg.

Landskapsvernområde blir oppretta med heimel i naturvernlova og blir vedtatt i ein kongeleg resolusjon. Fylkesmannen er forvaltningsmynde for dei fleste av verneområda. Det er ikkje tillate å sette i verk tiltak som kan skade eller forringe landskapet i slike område. Jord- og skogbruk kan halde fram som før, men til dels med nokre restriksjonar.

Landskapsvernområde i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Lista er ufullstendig.

Finnmark

Auskarnes, Brannsletta, Garsjøen, Oksevatnet, Sandfjorden, Straumen, Vassbotndalen, Stabbursdalen, Øvre Pasvik

Troms

Ráisduottarháldi, Skipsfjord, Store Risøya, Laugen, Prestvatn

Nordland

Eikefjelldalen, Gåsvatnan, Saltfjellet, Austre Tiplingan, Møysalen, Borgværet, Hysvær/Søla, Måstadfjellet, Røstøyan, Svellingsflaket, Åsvær, Favnvassdalen, Strandå/Os, Glomådeltaet, Østerdalen, Kvikkleirøyran, Sandværet, Øya/Langholmen

Nord-Trøndelag

Kjenstad, Skjækra

Sør-Trøndelag

Hjerkinn/Kongsvoll/Drivdalen, Austråttlunden, Været, Gaulosen, Nedre Hassel, Trollheimen, Budalen, Endalen, Forddalen, Øyungen, Knutshø, Åmotan-Grøvudalen, Åmotsdalen, Langtjønna, Froan, Hosensand, Ledalen, Kvitsanden, Vinstradalen

Møre og Romsdal

Hestad, Innerdalen, Trollheimen, Dalsida, Eikesdalsvatnet, Åmotan-Grøvudalen, Raudøya, Trollstigen landskapsvernområde, Romsdalen landskapsvernområde[1]

Sogn og Fjordane

Veøy, Vingen, Utladalen, Stølsheimen, Nærøyfjorden, Ålfotbreen, Naustdal-Gjengedal

Hordaland

Skaupsjøen/Hardangerjøkulen, Berge, Sævareidberget, Stølsheimen, Fjøsanger, Nærøyfjorden, Fedjemyrane, Brandvik, Gjuvslandslia, Ølveshovda, Rambjøra, Bondhusdalen, Ænesdalen, Hattebergsdalen, Buerdalen

Rogaland

Lyngaland, Urådalen, Lusaheia, Vormedalsheia, Synesvarden, Førland/Sletthei, Jærstrendene, Frafjordheiane, Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane, Søndre Frøyland, Synesvarden, Dyraheio, Kvanndalen

Vest-Agder

Havnehagen, Kalkheia, Listastrendene, Hanangervann og Kråkenesvann, Frafjordheiane, Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane

Aust-Agder

Hovden, Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane, Kalvøya - Ytre Tronderøya , Raet, Hasseltangen, Auesøya, Raet (Tromlingene)

Telemark

Jomfruland, Møsvatn Austfjell, Dammane, Skrimfjella, Stråholmen, Brattefjell - Vindeggen, Møsvatn Austfjell - Hondle, Møsvasstangen

Vestfold

Øvre Rød, Ormø - Færder, Bokemoa, Fritzøehus, Larvik bøkeskog, Storemyr - Fagerbakken , Bastøy

Buskerud

Tranby, Skaupsjøen/Hardangerjøkulen, Biliåsen, Indre Vassfaret, Vassfaret og Vidalen, Ultvedt, Hydalen, Fødalen, Djupdalen, Skrimfjella

Oppland

Hjerkinn/Kongsvoll/Drivdalen, Birisjølia, Østhagan, Indre Vassfaret, Vassfaret og Vidalen, Dalsida, Fokstugu, Jora, Knutshø, Dørålen, Frydalen, Grimsdalen, Vesle Hjerkinn

Hedmark

Hodalen, Londalen-Ørvilldalen, Magnilldalen-Busjødalen, Vangrøftdalen-Kjurrudalen, Knutshø, Femundslia, Dørålen, Grimsdalen

Oslo

Maridalen, Blankvann

Akershus

Kolsås/Dælivann, Semsvannet, Aurmoen, Elstad, Nordbytjern, Djupdalen, Romerike

Østfold

Valbrekke, Søndre Jeløy, Rokke, Eldøya-Sletter

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Forskrift om verneplan for Reinheimen, vedlegg 2. Vern av Romsdalen landskapsvernområde http://www.lovdata.no/for/lf/mv/mv-20061124-1303.html

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]