Langevann i Lørenskog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Langvannet
Langtjernet
innsjø
Langvannet Knatten mot Raadhuset.jpg
Langvann sett fra Knatten mot Lørenskog rådhus på Kjenn
Fylke Akershus
Kommune Lørenskog
Tilsig Ellingsrudelva
Utløp Fjellhammarelva
Høgd over havet 154 moh
Lengd 1 3 km
Breidd 0 03–0 18 km
Areal 0,15 km²
Wikimedia Commons: Langvannet, Lørenskog

Langvann er ein liten innsjø i Lørenskog kommune i Akershus. Vatnet ligg like nord for motorvegen mellom Oslo og Lillestrøm, og 500 meter sørvest for Hanaborg stasjon, og er rundt 1,3 km langt og frå 30 til 180 meter breitt. Det ligg på 153 moh., og har avløp via Sagelva (Fjellhamarelva) til Øyaren. Det største tilløpet er Ellingsrudelva, som er grenseelv mellom Oslo og Lørenskog kommune.

Innsjøen ligg midt i eit tettbygd område og er derfor uteatt for forureining, mellom anna frå industriområdet Visperud vis-à-vis Karihaugen.[1] Utslepp av vaskevatn frå eit bilvaskefirma har truleg medverka til algeoppblomstring i sjøen.[2] Forureininga er derimot ikkje verre enn at det framleis går an å bade Langvannet, og det er opparbeidde badeplassar i begge endar av vatnet.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 59°56′10″N 10°57′31″E

Spire Denne geografiartikkelen som har med Akershus å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.