Øyeren
Øyeren | |||
innsjø | |||
Kart over Øyeren
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus, Østfold | ||
Kommunar | Enebakk, Lillestrøm, Rælingen, Indre Østfold | ||
Nedslagsfelt | 40 442 km² | ||
Høgd over havet | 99-101 moh. | ||
Areal | 84,74 km² | ||
Middeldjupn | 14 m | ||
Største djupn | 76 m | ||
Volum | 1,19 km³ | ||
Kystlengd1 | 165,47 km | ||
Koordinatar | 59°51′26″N 11°09′48″E / 59.85722°N 11.16333°E | ||
![]() Øyeren 59°51′26″N 11°09′48″E / 59.857222222222°N 11.163333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Øyeren | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Øyeren er ein innsjø i Glomma-vassdraget. Han ligg i kommunane Enebakk, Lillestrøm og Rælingen i Østfold fylke og Indre Østfold i Østfold fylke. Den nordlegaste, åtskilte delen av innsjøen vest for tettstaden Fetsund og Glomma sitt utløp, utgjer ein 7 km² stor del på av Øyeren og blir til tider rekna som ein eigen innsjø, kalla Svellet.
Øyeren er den niande største innsjøen i Noreg med eit areal på omlag 85 kvadratkilometer. Utan Svellet er, Øyerens areal 77 km². Han ligg 101 meter over havet og er 75,5 meter djup. Saman med elvane Leira og Nitelva dannar Glomma det største innlandsdeltaet i Norden i den nordlege enden av innsjøen. Delar av dette våtmarksområdet vart erklært naturreservat i høvesvis 1975 (Nordre Øyeren inklusive Svellet og elvedeltaene)) og 1992 (Sørumsneset). Innsjøen ligg nedstrøms for store vassdrag, og har dermed Noregs største nedslagsfelt.
Fiskeartar i Øyeren
[endre | endre wikiteksten]Det finst truleg 25 fiskeartar i Øyeren[1], som dermed vert rekna som den innsjøen i Noreg med flest fiskeartar. Før oppdemminga av Glommavassdraget vart det òg laks der.[2][3]
- Niaugefamilien: Bekkeniauge
- Laksefamilien: Aure, sik, lagesild, harr, laks (sett ut på 1800-talet, utrydda)
- Loddefamilien: Krøkle
- Gjeddefamilien: Gjedde
- Karpefamilien: Mort, gullbust, stam, vederbuk, asp, laue, flire, brasme, ørekyt, karuss
- Ålefamilien: Ål (utrydda)
- Stingsildfamilien: trepigga stingsild, nipigga stingsild
- Brosmefamilien: Lake
- Åborfamilien: Hork, åbor, gjørs
- Ulkefamilien: Steinulke
Av desse er førekomsten av ål og lagesild omtalt som tvilsam. Dei to stingsildartane er oppførte som konkurransesvake.[1]
Merk at ørekyt står oppført på norsk svarteliste som ein uønskt art i dei vassdraga der han ikkje naturleg høyrer heime, men i Øyeren opptrer han naturleg.
Merk òg at asp er i 2006 oppført som sårbar på Bernkonvensjonens (1982) liste III.[4]
Regulering
[endre | endre wikiteksten]Mørkfoss Dam vart bygd i 1862. Vasstanden i magasinet vart då lagt 1 meter høgare enn det som tidlegare hadde vore naturleg. Differansen mellom høgste og lågaste vasstand vart òg monaleg redusert.[5]
Den noverande reguleringskonsesjonen vart gitt i 1934. Lågaste tappegrense (LRV) er fastsett til kotehøgd 98,94 moh. Høgste oppdemmingshøgd (HRV) er fastsett til 101,34 m.
Vasstandsmålingsr blir jamleg publisert av Glommens og Laagens Brukseierforening (GLB).[6]
Ferdsle
[endre | endre wikiteksten]Då det var tømmerfløyting i vassdraget måtte tømmeret anten takast inn ved Fetsund eller fraktast til sørenden for å sleppast vidare. Fraktinga blei avslutta i 1985.
Dampbåten «Strømmen» vart sett i rutetrafikk i 1885 mellom Lillestrøm, Årnestangen, Flateby og Sandstangen. Trafikken vart innstilt i1927.[7]
MS «Øyeren» fraktar turistar på charterbasis og med faste avgangar i sommarsesongen.[8]
Demningane Bingsfossen og Rånåsfoss i Glomma er einaste hindringa for småbåt-trafikk mellom Trøgstad og Fåberg ved Lillehammer. Ved moglegheit for òg å passere demninga ved Funnefoss kan småbåtar uhindra dra til Storsjøen i Odalen og til Kongsvinger kraftverk.
Vasskvalitet
[endre | endre wikiteksten]Vasskvaliteten i Øyeren varierer frå lite til moderat forureina, avhengig av kvar målingane blir gjort, når dei blir gjort og kva parameter det blir målt på.
Dårlegast vasskvalitet er det i Svellet, der vatn frå Nitelva, Sagelva (Fjellhamarvassdraget), Leira samt reinsa avløpsvatn frå Nedre Romerike Avløpsrenseanlegg kjem ut. Lenger sør på innsjøen er vasskvaliteten mykje betre.
Øyeren og vassdraga på Romerike har vore undersøkte av ulike fagmiljø gjennom mange år. Nokre undersøkingar har vore kortvarige, andre har pågått over fleire år. Avløpssambandet Nordre Øyeren (ANØ), som var eit interkommunalt selskap for kommunane på Romerike, undersøkte vassdraga regelmessig frå 1970-talet og fram til 2004. Rapportane frå den tida kan vere vanskelege å finne digitalt.
Ein samanstilling av vasskvalitetsmålingar utført av ANØ i perioden 1976-1992 finst hos Nasjonalbiblioteket. Publikasjonen heiter «Vassdrag på Romerike 1976-1992». (https://www.nb.no/items/550455419f9f0d68d33fc05e76a46eb2?page=0&searchText=romeriksvassdragene).
ANØ og NILF publiserte i 1993 ein «Kostnadseffektivitetsanalyse for Romerike». NILF rapport C-025-93. (https://www.nb.no/items/655e8418e588b577854a4f0c5f172d50?page=0&searchText=romeriksvassdragene).
Arbeidet med å kartleggje og avgrense forureiningstilførslene til Øyeren inspirerte andre vassdragsområde (t.d. Jærvassdraga) til det same. Gjennom opprettinga av miljøvernrådgivarar i kommunane fekk dette ny merksemd gjennom Vassforskrifta frå 2006.
Vassdrag som drenerer til Øyeren
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Øyeren» frå Wikipedia på bokmål, den 16. april 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Åge Brabrand. 2002. MILJØFAGLIGE UNDERSØKELSER I ØYEREN 1994-2000: Langtidsutvikling og forvaltning av fiskesamfunn. UiO og Akershuns fylkeskommune. Vitja 29. mars 2008
- ↑ Øyeren informasjonssenter
- ↑ Nordre Øyeren naturreservat
- ↑ Miljøstatus i Oslo og Akershus om sjeldne fiskearter, arkivert frå originalen 14. august 2007, henta 11. juni 2012
- ↑ Harald Gjerde: "Deltaets historie", arkivert frå originalen 4. november 2004, henta 11. juni 2012
- ↑ GLBs nettsted
- ↑ Øyeren informasjonssenter, arkivert frå originalen 3. desember 2008, henta 11. juni 2012
- ↑ MS Øyeren, arkivert frå originalen 2. mai 2008, henta 11. juni 2012