Langevann i Lørenskog
Langvannet | |||
Langtjernet | |||
innsjø | |||
Langvannet sett frå Knatten mot Lørenskog rådhus på Kjenn
| |||
Fylke | Akershus | ||
---|---|---|---|
Kommune | Lørenskog | ||
Tilsig | Ellingsrudelva | ||
Utløp | Fjellhammarelva | ||
Høgd over havet | 154 moh. | ||
Lengd | 1,3 km | ||
Breidd | 0,03–0,18 km | ||
Areal | 0,15 km² | ||
Langevann 59°56′10″N 10°57′31″E / 59.936111111111°N 10.958611111111°E | |||
Wikimedia Commons: Langvannet, Lørenskog |
Langvannet er ein liten innsjø i Lørenskog kommune i Akershus. Vatnet ligg like nord for motorvegen mellom Oslo og Lillestrøm, og 500 meter sørvest for Hanaborg stasjon, og er rundt 1,3 km langt og frå 30 til 180 meter breitt. Det ligg på 153 moh., og har avløp via Sagelva (Fjellhamarelva) til Øyeren. Det største tilløpet er Ellingsrudelva, som er grenseelv mellom Oslo og Lørenskog kommune.
Innsjøen ligg midt i eit tettbygd område og er derfor uteatt for forureining, mellom anna frå industriområdet Visperud vis-à-vis Karihaugen.[1] Utslepp av vaskevatn frå eit bilvaskefirma har truleg medverka til algeoppblomstring i sjøen.[2] Forureininga er derimot ikkje verre enn at det framleis går an å bade Langvannet, og det er opparbeidde badeplassar i begge endar av vatnet.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Oslo Elveforum, årsmelding 2006
- ↑ Årsberetning 2007, Vann- og avløpsetaten, Oslo kommune (pdf), s.12
59°56′10″N 10°57′31″E / 59.93611°N 10.95861°E