Langhus i Ski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Langhus stasjon

Langhus er ein tettbygd stad i Nordre Follo kommune i Akershus. Staden har om lag 15 000 innbyggjarar og er spreidd ut over eit relativt stort område.[1] Langhus har fleire sentra, som Bøleråsen og Vevelstad (Langhussenteret). To togstasjonar, kyrkje, ungdomsskule, tre barneskular og idrettsanlegg.

Tettstaden har i alle hovudsak vakse fram etter 1980, og veks framleis. Langhus var tidlegare eige tettstad, men har vakse inn i tettstaden Oslo.[1]

Tettstaden har vore omtala som «de endeløse gangveiers hjemsted»,[treng kjelde] og er heimstaden til black metal-gruppa Mayhem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Svein Askheim. «Langhus». Store norske leksikon. Henta 21. april 2018. 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Akershus å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.