Tettstaden Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oslo
tettstad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Akershus, Buskerud, Oslo
Kommune Oslo, Ski, Oppegård,
Bærum, Asker, Sørum,
Rælingen, Lørenskog,
Skedsmo, Nittedal, Lier, Røyken
Areal 267,44 km²
Folketal 988 873 (2017)
Folketettleik 3 698 / km²

Tettstaden Oslo er heile det SSB-definerte området med samanhengande busetting kring Oslo.

Tettstaden strekkjer seg frå Slemmestad i Røyken kommune i sørvest, til Vardeåsen i Sørum kommune i nordaust, heilt ned til Langhus i Ski kommune i søraust og femner 12 kommunar.[1] Tettstaden Oslo har 988 873 innbyggjarar per 1. januar 2017.

I 2013 vart tettstadene Lommedalen, Heggedal og Nærsnes skilt ut frå Oslo tettstad.[2]

Tettstaden Oslo er ikkje identisk med Oslo kommune, byregionen eller Stor-Osloregionen. Oslo kommune er vesentleg mindre enn tettstaden og storbyregionen større.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nær 1 million bosatt i Oslo tettsted». Statistisk sentralbyrå. 19. desember 2017. Henta 22. april 2018. 
  2. «Nye og utgåtte tettsteder. 1.januar 2013». Statistisk sentralbyrå. Henta 22. april 2018.