Lansettfiskar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lansettfisk)
Gå til: navigering, søk
Lansettfiskar
Lansettfisken Branchiostoma lanceolatum
Lansettfisken Branchiostoma lanceolatum
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilateria
Infrarike: Deuterostomia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Lansettfiskar Cephalochordata
Haeckel, 1866

Lansettfiskar er ei gruppe små ryggstrengdyr som omfattar eit par dusin artar på grunt saltvatn over heile verda. Dei er dei virvellause dyra som står nærast virveldyra; og har mange trekk i anatomi og kroppsbygging som liknar det ein finn hjå desse. Arten Branchiostoma lanceolatum finst langsmed norskekysten.

Ein reknar med at det kambriske dyret Pikaia er i nær slekt med forfedrane til lansettfiskane.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Lansettfiskar er små, smale og avlange dyr med ryggstreng langs heile lengderetninga til kroppen. Over denne ligg det eit nerverøyr som svarar til sentralnervesystemet hjå virveldyr, men utan nokon spesialisert hjerne. Det er likevel tjukkare lengst framme.

På undersida av hovudet har dei ei munnopning som leier inn i ein stor gjelletarm. På sidene av denne har dei ei lang rekkje gjellespalter - opp til 200 i somme tilfelle. Dei har korkje kjevar eller augo. Blodkarsystemet er lukka, men utan hjarta. I buken har dei blodkar som kan trekka seg saman og såleis held pumpa i gang sirkulasjonen i kroppen.

Dyra vert sjeldan meir enn 5 cm lange. Over ryggen og under buken har dei ei upara finne som dei nyttar til å lagra næringsstoff i. Desse er naudsynte for danning av kjønnsceller.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Som larvar er lansettfiskane planktonisk, og finst frå slutten av juli til oktober. Vaksne individ liknar borna, og lever som regel nedgravne i grov sand med berre hovudet over botnen. Her filtrerer dei mikroorganismar frå vatnet omkring seg. Dei er òg i stand til å symje, noko som er viktig for at dyra skal kunne spreie og formeira seg.

Lansettfiskar vert kjønnsmogne ved treårsalderen, og gytinga skjer i skumringa. Dei er særkjønna og har ytre befruktning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer Associates 2002
  • Moen, Frank Emil & Svensen, Erling: Dyreliv i Havet - Nordeuropeisk marin fauna KOM Forlag 2003