Kjeve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Underkjeven hjå menneske sett frå venstre.

Kjeve er beinstrukturen som gjev feste til tennene hjå menneske og dyr.

Overkjeven hjå virveldyr er ein fast beina del av andletsskjelettet. Tannrøtene i overkjeven peikar oppover og nokre av tannrøtene kjem nesten opp til biholene, maxillarsinus.

Underkjeven hjå virveldyr er ein bua beinstruktur som held tennene i undermunnen. Dei bakre delane av underkjeven frå den bakre vinkelen til kjeven og oppover til kjeveledda, som er synovialledd med brusk som forbind underkjeven med andletsskjelettet. (Synovia er væskehinne som held leddflatene av brusk fuktige og glatte.) Underkjeven er festa til tyggemusklane, (m.masseter og m.temporalis)

Funksjonen til kjeven er primært å tygga maten, men hjå rovdyr kan tennene og kjevane vera viktig som våpen.

Kjevane hjå fiskar og amfibium[endre | endre wikiteksten]

Murenar har to sett med kjevar. Dei fremre munnkjevane fangar bytet. Dei bakre svelgkjevane rører seg framover i munnen for å gripa om bytet og trekk det bakover mot matrøyret så byttet kan svelgjast.

Kjeven hjå virveldyra utvikla seg truleg i silur-perioden.

Kjeven hos krypdyr[endre | endre wikiteksten]

Hjå krypdyr er underkjeven danna av fem bein. Under utviklinga til pattedyr er fire av desse beina vorte mindre og er vorte del av øyrebeina i mellomøyret, hammaren, ambolten og stigbøyelen. Denne utviklinga er fordelaktig både sidan eit kjeveben er sterkare, og fordi mellomøyrebeina betrar høyrsla. For krypdyra er det vanleg å svelgja byttet heilt. Då er det ein fordel at kjeven er relativt laus omkring eit stort bytte.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]