Lapparnas Centralförbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I januar 1905 arrangerte forbundet eit organisasjonskurs med 16 deltakarar.[1]

Lapparnas Centralförbund var ein samisk interesseorganisasjon som vart grunnlagt i 5. august 1904 på Skansen i Stockholm i Sverige, som den første samiske organisasjonen i verda.[2] Forbundet var kortliva og hadde ikkje noka verksemd etter årsmøtet i 1905.

I styret sett tre unge samar; studenten Elsa Laula – som vart den første leiaren, den seinare juristen og redaktøren Torkel Tomasson og Johan Enok Nilsson. I tillegg kom reindriftsekteparet Lisa og Lars Stinnerbom – som hadde ein sameleir som ein del av utstillingane på Skansen denne sommaren, og redaktøren Gustav Z. Hedenström, som vart sekretæren til forbundet og vert skildra som «den eigenlege igangsetjaren».

Den same veka utkom Elsa Laulas kampskrift Inför lif eller död. Same haust byrja Tomasson å utgje bladet Lappernas egen tidning. Bladet kom med 5 nummer i 1904–05 før det gjekk inn. Oppfølgjaren Samefolkets egen tidning byrja å utkoma i 1918, framleis med Tomasson som redaktør.[3]

Kort tid etter etableringa av Centralförbundet vart det etablert lokale samesamskipnader. Først i Fabmie/Fatmomakke, ein samskipnad som framleis finst og som er kjent både som Fatmomakke samesamskipnad og som Vilhelmina-Åsele sameförening. Kort tid etter vart det òg danna samesamskipnader i Tärnaby, Glen og Sorsele.[2][4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Samernas första folkbildningskurs i Stockholm, januari 1905; Jamtli bildarkiv
  2. 2,0 2,1 Jernsletten, Regnor. «Trondheimslandsmøtet 1917 og samebevegelsen». Åarjel-saemieh nr 4. Snåsa: Saemien sijte: 75–81. Arkivert frå originalen 2007-05-15. 
  3. Om Samefolket ; samefolket.se
  4. Sameföreningar i Sverige; samer.se