Lars Berentsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Berentsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. november 1838
Død

1. mars 1896 (57 år)

Yrke forretningsdrivande, politikar
Språk norsk
Far Erik Berentsen

Lars Berentsen (28. november 18381. mars 1896) var ein norsk kjøpmann, reiar, ordførar og stortingsmann frå Stavanger.

Han var son av ein kjøpmann i Stavanger. Då faren døydde tok Lars Berentsen over firmaet saman med mor si og svogeren Charles Racine. Verksemda vart konsentrert om sei og sild, og han gjorde skipshandelen til byens største i bransjen. Frå 1892 eigde han åleine firmaet «E. Berentsen».

Berentsen vart ein av dei mektigaste i Stavanger. Han kom med i bystyret i 1875 og var ordførar 1884 og 1886-88. Vidare var han ein av stiftarane av Stavanger Privatbank, Stavanger Preserving Co. og av arbeidsskulen for gutar m.m. Han var direktør i Stavanger Søassuranceforening, ordførar i Det Stavangerske Dampskibsselskabs fyrste representantskap, styrar av Noregs Banks stavangeravdeling og i mange år medlem av børskomiteen.

1886-88 var Berentsen 2. representant frå Stavanger på Stortinget, der han var medlem av tollkomiteen. For perioden 1892-94 var han opphavleg suppleant, men rykte opp då Lars Oftedal trekte seg. Han melde då sjukdomsforfall, og møtte ikkje på Stortinget.

Lars Berentsen fekk i 1880 skøyte på eigedommen løkke nr. 8 på Eiganes i Stavanger. Gjennom rolla si ved oppføringa av Sjømannshjemmet i Stavanger og børsbygninga i Kirkegaten hadde Berentsen nær kontakt med arkitekt Henrik Nissen. Denne fekk då i oppdrag å teikne herskapsvillaen Breidablikk, som stod ferdig 1881.

Berentsen vart i 1890 slått til riddar av St. Olav. Han døydde i 1896 på Breidablikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914