Stavanger Preserving Co.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stavanger Preserving Co. var ein hermetikkprodusent i Stavanger frå 1873 til 1981. Firmaet vart internasjonalt kjent for sin røykte brisling i olje.

Stavanger Preserving Co. var den fyrste hermtikkfabrikken i Stavanger. Han vart starta av fire sentrale maktpersonar i byen; skipsreiar Knud Knudsen, byfogd Henrik Finne, kjøpmann Lars Berentsen og grosserar George W. Groom. Den fyrste fabrikken vart bygt på ei tomt i Øvre Strandgate i Stavanger.

I 1879 stod Stavanger Preserving Co. for ei nyvinning som skulle få store ringverknader og gjere Stavanger til sjølve hermetikkbyen i Noreg. Ein lukkast då å røyke den norske brislingen og leggje han ned i olje. Dette gav støyten til ein svært omfattande eksportindustri i mange tiår framover.

Stavanger Preserving Co. A/S var Noregs eldste hermetikkfirma då det i 1981, etter lengre tids nedgang for hermetikkindustrien, vart slått saman med dei andre gjenverande norske sardinprodusentane til konsernet Norway Foods Ltd., med hovudkontor i Stavanger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gyldendals store konversasjonsleksikon. 1972