Lars Eskeland
Lars Eskeland | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. mars 1867 Stord |
Død |
30. september 1942 (75 år) |
Periode | 1892-1940 |
Medlem av | Norges Bondelag, Fedrelandslaget |
Religion | katolisisme |
Born | Sigurd Eskeland |
Debut | Norsk formlæra |
Lars Eskeland (6. mars 1867–30. september 1942) var ein norsk forfattar og skulemann, fødd på Stord.[1]
Eskeland skreiv ei rekke ulike skrifter, både talar, innlegg i blad og aviser, og frittståande verk. Han gav ut lærebøker og fleire biografiar, mellom anna om Ole Vig og Ivar Aasen. Han har også skrive teksten til «Vossasongen». Han var også aktiv målmann, og hadde verv som formann i Voss Mållag frå det var grunnlagd i 1898 til 1905. Han var også formann i Vestlandske Mållag (1904-11) og Norsk Måldyrkingslag (1928-42).
Eskeland var ein føregangsmann for folkehøgskulerørsla, og grunnla Voss Folkehøgskule saman med Olaus Alvestad i 1895. Han var styrar av skulen i tida 1895–1927, då han måtte gå av etter at han hadde konvertert til katolisismen i 1925. Om han hadde halde fram som styrar av skulen, ville skulen ha mista statsstøtta.
Lars Eskeland var bror til skulemannen Severin Eskeland og onkel til kåsøren og forfattaren Ivar Eskeland.
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Eskeland fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1925
- Melsom-prisen i 1926 for Bønder
- Utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1935
- I 1949 vart det avduka ein statue av Lars Eskeland på Voss, laga av bilethoggaren Torleiv Agdestein
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Fotnotar
- ↑ Helleve, Aslak T. (25. februar 2020). «Lars Eskeland». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål).
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografi ved Aasentunet
- Norsk Formlæra av Lars Eskeland ved sambandet.no
- Digitaliserte bøker av Lars Eskeland på bokhylla.no (Nasjonalbiblioteket)