Ole Vig
Ole Vig | |
![]() | |
Fødd | 6. februar 1824 Stjørdal |
Død |
19. desember 1857 (33 år) |
Yrke | redaktør, lyrikar, omsetjar |
Ole Vig på Commons |
Ole Vig (6. februar 1824–19. desember 1857), fødd i Vikmarka i Stjørdal, var ein norsk skule- og folkeopplysingsmann som arbeidde for utdanning for alle. I Rune Slagstad si bok De nasjonale strateger vert han skildra som «En folkeopplysningsmann og nasjonsbygger som har hatt stor betydning for utviklingen av vårt demokrati».
Liv[endre | endre wikiteksten]
Vig voks opp i ein fattig småbrukarheim med haugiansk preg. Han lærte tidleg å lese og kom med presten F.A. Widerøe si hjelp til seminaret i Klæbu i 1841. Sidan hadde han lærarstillingar i Åfjord og Kristiansund. Gjennom presten Frederik Wexelsen kom han i kontakt med Grundtvig-rørsla i Trøndelag. Sommaren 1851 fekk han moglegheit til å kome til Sorø akademi i Danmark, der han òg møtte denne danske presten og skulemannen.
Som sekretær for Selskabet til Folkeoplysningens Fremme og redaktør i Den norske Folkeskole tok han opp arven etter Henrik Wergeland. Han kom som medlem av styret for det som seinare vart Det norske Theater i kontakt med Bjørnson og Ibsen. Han var med i Teaterslaget i 1856, og han samarbeidde med Knud Knudsen om arbeidet for å få eit norsk språk. Han var òg oppteken av å få folkeboksamlingar på bygdene og for å få folkehøgskuleetablering også i Noreg. Han var redaktør i Folkevennen frå 1851 til 1857.
Ole Vig døydde av tuberkulose julekvelden 1857 i Henrik Wergeland sin bustad Hjerterum, berre 33 år gamal. Mange av visjonane hans vart realisert etter døden hans. Då den fyrste folkehøgskulen i Noreg, Sagatun Folkehøyskole på Hamar vart innvia i 1864, minna grunnleggarane Olaus Arvesen og Herman Anker om innsatsen og inspirasjonen hans.
Dikting[endre | endre wikiteksten]
Etter Ole Vig lever diktet «Blant alle lande», som han skreiv som ein fedrelandssong. Men han gav òg ut fleire bøker og skreiv ei rekkje dikt.
Arven etter Ole Vig[endre | endre wikiteksten]
Ole Vig videregående skole i Stjørdal er oppkalla etter han.
Ole Vig-prisen har blitt delt ut årleg sidan 1979 til minne om han. Den inneheld ein diplom, eit bilete av Ole Vig og ein sjekk på 10 000 kroner.