Laupekuler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laupekuler
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Rekkje: Sekksporesoppar Ascomycota
Underrekkje: Ekte sekksporesoppar Pezizomycotina
Klasse: Kulesekksoppar Eurotiomycetes
Underklasse: Eurotiomycetidae
Orden: Eurotiales
Familie: Elaphomycetaceae
Slekt: Laupekuler Elaphomyces
Nees

Laupekuler (Elaphomyces) er ei slekt med sopp som har underjordiske fruktlekamar. Dei minner om trøflar, men det er ikkje nokon nær slektskap. Laupekuler finst i skog der dei dannar mykorrhiza med ulike tre.

«Laupekule» og «buflog» er vanlege folkelege namn på desse soppane i Noreg. Eit tredje namn, «hjortetrøffel», er meir bokleg og laga etter det tyske ordet Hirschbrunst. Dei mange dialektnamna viser at desse soppane var velkjende, noko som skuldast at dei tradisjonelt vart brukte som eit afrodisiakum for både husdyr og menneske. Bruken skuldast truleg at fruktlekamane minner om testiklar, og at ein derfor meinte at dei hadde verknad i samsvar med signaturlæra.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eckblad, Finn-Egil (1994). «Løpekule, buflog og hjortetrøffel». Sopp i Norge før i tiden. Ås: Soppkonsulenten A/S. s. 47–54. ISBN 82-991301-5-8. 
  2. Fredriksen, Rune (5. oktober 2012). «Hvem blir trøffelhelten?». NRK (på norsk bokmål). Henta 10. juni 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]