Hopp til innhald

Laura Dahlmeier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laura Dahlmeier


StatsborgarskapTyskland
Fødd22. august 1993
Garmisch-Partenkirchen
Død 28. juli 2025 (31 år)
Laila Peak, Hushe Valley
Idrettskiskyting
Tok del i Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint kvinner, VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint kvinner
Utmerkingar Den bayerske fortjenstorden

Laura Dahlmeier (22. august 199328. juli 2025) var ein tysk skiskyttar frå Garmisch-Partenkirchen som vann både gull, sølv og bronse i VM 2015 og 2016, i tillegg til seks renn i verdscupen i skiskyting.

Dahlmeier debuterte i verdscupen i skiskyting i 2013-sesongen og deltok i Vinter-OL 2014 i Sotsji. Ho vann sitt fyrste verdscuprenn då ho sigra i 7,5 km i Nové Město na Moravě 7. februar 2015 og har pr 1. mars 2016 vunne i alt seks tevlingar i verdscupen, tre av dei i jaktstart.

Under VM i skiskyting 2015 i Kontiolahti kom ho på fjerdeplassen i sprinten og tok sølvmedaljen i den etterfylgjande jaktstarten. Sidan vart ho nummer seks i 15 km og gjekk så Tysklad inn til gullmedalje i 4 x 6 km stafett. Året etter tok ho bronsemedaljen i 7,5 km sprint då VM i skiskyting 2016 fann stad i Oslo.

Ho la opp i mai 2019.[1]

Fjellklatring

[endre | endre wikiteksten]

Etter at ho la opp som skiskyttar byrja ho med fjellklatring og var ein del av fjellreddingsgruppa i Garmisch-Partenkirchen.[2] Den 28. juli 2025 var ho og klatrepartnaren på tur opp Laila Peak i Karakorum i Pakistan då dei ble ramma av eit steinskred.[3] Partnaren blei redda ut, men Dahlmeier låg slik til at redningshelikopteret ikkje klarte å nå henne. Ved overflyging blei det konstartert at ho var hardt skadd, og det var ikkje teikn på liv.[4] Ho blei antatt omkomen umiddelbart,[5] og 30. juli blei dødsfallet stadfesta.[6] Etter hennar ønsket blei ikkje liket henta ut frå fjellet.[7]

  1. Online, FOCUS. «Mit nur 25 Jahren: Biathlon-Olympiasiegerin Laura Dahlmeier beendet Karriere». FOCUS Online (på tysk). Arkivert frå originalen 17. mai 2019. Henta 17. mai 2019.
  2. «BERGE Laura Dahlmeier» (på engelsk). 14. mars 2022. Henta 30. juli 2025.
  3. Eriksen, Nicolai; Cederblad, Christian August; NTB (29. juli 2025). «Skiskytter-stjerne i alvorlig ulykke». www.dagbladet.no (på norsk bokmål). Henta 30. juli 2025.
  4. Egelandsdal, Oda Karlsen Bekkestad, Pontus (29. juli 2025). «Laura Dahlmeier i alvorlig ulykke: – Problemer med redningsaksjonen». Nettavisen (på norsk). Henta 30. juli 2025.
  5. AS, TV 2 (30. juli 2025). «Tidligere skiskytterdronning Laura Dahlmeier (31) er død». TV 2 (på norsk bokmål). Henta 30. juli 2025.
  6. Rognstad, Otto Hansen; Kvaale, Benjamin; Hopen, Andreas; NTB (30. juli 2025). «Den tyske skiskytterdronningen Laura Dahlmeier funnet død etter steinras i Pakistan». VG (på norsk). Henta 30. juli 2025.
  7. Hagen, Mathias (30. juli 2025). «Den tyske skiskytterdronningen Laura Dahlmeier funnet død etter steinras i Pakistan». NRK (på norsk bokmål). Henta 30. juli 2025.