Myriam Bédard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Myriam Bédard
Fødd 22. desember 1969
Québec
Yrke skiskyttar

Myriam Bédard (fødd 22. desember 1969) er ein kanadisk tidlegare skiskyttar frå Québec. Ho vann ein VM-tittel i 1993 og begge dei individuelle tevlingane i skiskyting under vinterleikane på Lillehammer i 1994.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

I 1991 vart Bédard den andre kanadiaren som vann eit verdscuprenn i skiskyting. Både i 1991- og 1993-sesongen kom ho på andreplass i verdscupen i skiskyting. Ho deltok for Canada under vinter-OL 1992 i Albertville, der ho fekk bronsemedaljen på 7,5 km sprint. Året etter vart ho i Borovets verdsmeister i same øvinga, 7,5 km sprint. Ho kjempa hardt for sigeren også på 15 km, men måtte gje tapt overfor Petra Schaaf frå Tyskland.

Under OL 1994 på Lillehammer lukkast Bédard overmåte godt, og gjekk til topps i begge dei individuelle tevlingane. Ho la opp som skiskyttar i 1998.

På byrjinga av 2000-talet var Bédard ei tid medlem av styret i det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU), åleine kvinne mellom sju menn. I 2007 vart ho funnen skuldig for å ha bortført dotter si til USA, ho slapp unna dom, men fekk to års prøvetid. Bédard hadde då i førevegen vore opphav til fleire kontroversielle saker i den kanadiske offentlegheita.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar