Laurelia novae-zelandiae
Laurelia novae-zelandiae | |
![]() Laurelia novae-zelandiae | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Laurales |
Familie: | Atherospermataceae |
Slekt: | Laurelia |
Art: | Laurelia novae-zelandiae L. novae-zelandiae |
Vitskapleg namn | |
Laurelia novae-zelandiae |
Laurelia novae-zelandiae (også kalla pukatea) er eit stort eviggrønt tre som er endemisk (stadeige) for New Zealand.[1]
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]
Pukatea veks over heile Nordøya på New Zealand, og på den nordlege tredjedelen av Sørøya. Det veks ofte i fuktige og skuggefulle låglandsskogar, gjerne i erosjonskløfter.

Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Pukatea kan veksa seg 40 m høgt, og er det einaste newzealandske treet som utviklar kraftige støtterøter. Dei mørkegrøne, elliptiske blada er fem til sju cm lange og grovt taggete.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Historisk har det lette, men sterke tømmeret til pukatea vorte brukt til båtbygging. Eit uttrekk frå borken som inneheld alkaloidet pukateine vart brukt av maoriane i tradisjonell urtemedisin som eit smertestillande middel. Uttrekk frå ulike delar av borken vart også brukt til handsaming av sår, mageplager og kjønnssjukdomar.[2][3]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://www.teara.govt.nz/en/tall-broadleaf-trees/5 Te ara: Encyclopedia of New Zealand - Article on tall broad-leafed trees- forest giants.
- ↑ Pukatea. Te Ara: The Encyclopedia of New Zealand
- ↑ Pukatea. University of Otago Farmakologisk institutt.
- Denne artikkelen bygger på «Laurelia novae zelandiae» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2008.
Denne botanikkartikkelen som har med New Zealand å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |