Lauvøya i Dønna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 66°01′45″N 12°31′30″E

Dønna kystlag har sett i stand det gamle handelshuset, medan skogselskapet har planta mykje av øya til med gran. I bakgrunnen to av Sju søstre.

Lauvøya (tradisjonell uttale låvøiæ) er ei øy i Dønna kommuneHelgeland. Det er ikkje lenger fast busetjing på øya.

Eigedommen Lauvøya høyrde til frå gammalt Herøy kyrkje. I 1777 fekk Ole Hartvigsen Jentoft løyve til å drive gjestgiveri i handelshuset på øya. I 1801 kjøpte Jentoft eigedommen, ved å gjere eit makebytte der han overdrog eigedommane Skorpa og Sørra til kyrkjegodset.

Handelshuset på Lauvøya vart drive fram til midt på 1900-talet. Lauvøya hadde postkontor (Lauvøy i Helgeland, Løvø i Helgeland) til tidleg på 1960-talet. På 1920-talet var det òg ein sildoljefabrikk på øya.

I 1965 kjøpte Helgeland Skogselskap Lauvøygarden, og det meste av eigedommen, 315 dekar, vart i åra 1965-67 tilplanta med 92 000 sitkagran. Innmarka måtte plantast opp att i 1969 og 1970. Sitkagrana på Lauvøya har vakse særs godt.

På slutten av 1990-talet overdrog Skogselskapet våningshuset til Dønna kystlag. Utanom våningshuset er det meste av hus knytt til handelsstaden rivne, men mange strandsittar- og husmannsstuer er enno i bruk som hytter.

Litle Lauvøya[endre | endre wikiteksten]

Ved sida av Lauvøya, som òg vert kalla Store Lauvøya, ligg Litle Lauvøya. Denne øya er òg avfolka no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]