Skorpa i Dønna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skorpa
Skorpa sett frå aust. I bakgrunnen Dønna med Dønnmannen
Skorpa sett frå aust. I bakgrunnen Dønna med Dønnmannen
Geografi
Norway - Skorpa, Dønna.png
Stad Helgeland
Koordinatar 66°02′33″N 12°32′57″EKoordinatar: 66°02′33″N 12°32′57″E

Areal 4,0 km²

Høgaste punkt Skorpfjellet (232 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 0

Skorpa er ei øy i Dønna kommuneHelgelandskysten. Skorpa ligg vest for Sandnessjøen. Det meste av øya er fjell, det høgaste punktet på Skorpfjellet ligg 232 m.o.h. Det var fast busetnad på øya fram til 2005. I dag vert Skorpa hovudsakleg nytta til fritidsbustadar og beite for sau.

Matrikkelgarden Skorpa har gardsnummer 59 i Dønna.

Øynamnet uttalast i lokal dialekt skorpo, i dativ også i skorpen eller på skorpen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gammelfjøsen på Skorpa

Fleire gravrøyser frå yngre steinalder og ein celt frå bronsealderen viser at folk har brukt Skorpa i lang tid.

Skorpa er nemnd i skattelistene frå tiendpengeskatten i 1521, då betalte Truid Erlandson på Skorpa 20 1/2 lodd sølv i formueskatt, meir enn tre gonger gjennomsnittleg skattebeløp.

Så seint som 1618 betalte ei enkje odelsskatt for garden. På 1640-talet høyrde garden til det store jordegodset futeenka Anne Jonsdotter hadde samla. I 1801 vart garden ved makeskifte overførd til Herøy kyrkje. I 1847 kjøpte leilendingen garden av kyrkje- og skolefondet.

Garden vart sidan delt, slik at det på det meste var fire gardar og to husmannsplassar i drift på Øya. På 1920-talet var det eit klippfisktørkeri på Skorpa. Frå midt på 1930-talet til midt på 1950-talet låg trygdekontoret for Nordvik på Skorpa.

Skorpa høyrde til Herøy kommune til Nordvik kommune vart skilt ut frå Herøy. Frå 1962 har øya høyrd til Dønna kommune. I kyrkjeleg samanheng har øya sokna til Herøy kyrkje, Stamnes kyrkje og Hæstad kyrkje.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]