Lauvgrashopper og sirissar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lauvgrashopper og sirissar
Ensifera Naturgeschichte.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Infraklasse: Neoptera
Overorden: Polyneoptera
Orden: Rettvenger Orthoptera
Underorden: Lauvgrashopper og sirissar Ensifera

Lauvgrashopper og sirissar (Ensifera) er ei delgruppe av dei «grashoppeliknande insekta» i gruppa Orthopteroida. Den andre delgruppa er grashopper (Califera), og saman dannar desse to ordenen rettvengene (Orthoptera). Dei næraste slektningane til rettvengene, pinnedyra (Phasmatodea), er ein eigen orden. Flesteparten av dei 15 000 kjende artane høyrer heime i tropane, men nokre artar er ganske hardføre. Det er funne elleve artar i Noreg; det nordlegaste funnet på friland er frå Nord-Fron i Gudbrandsdalen.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Dyr i gruppa skil seg frå andre grashopper særleg på antennene som er lengre enn kroppen. Eit unntak er jordsirissane, men desse har til gjengjeld kraftige gravebein som gjer at dei knapt kan forvekslast med nokon andre. Bakbeina er lange og er kraftige hoppebein hjå dei fleste artane.

Lauvgrashopper (Tettigoniidae) finn ein ofte klatrande i tre, som namnet fortel – sjølv om fleire av dei vanlegaste artane høyrer heime i buskar, kratt og på engmark, ofte på eller nær dyrka mark. Alle har venger, sjølv om dei kan vera noko reduserte hjå enkelte artar. Hoa har eit langt bakoverretta lanse- eller sabelforma eggleggingsrøyr. Hjå lauvgrashopper sit høyrsleorgana (tympanalorgana) på framføtene (leggen). Ser ein nøye etter, er dette ei litt rund eller spalteforma opning. I heile verda kjenner ein til over 6 000 artar, men det er berre funne åtte artar i Noreg.

Lauvgrashoppe. Prikkane hjå sabelgrashoppe (Leptophyes punctatissima) er mest framtredande når dei er unge. Arten finst rundt Oslofjorden og langs sørlandskysten.
Foto: Magne Flåten

Sirissar (Grylloidea) er kjenneteikna av nokre tydelege haletrådar (cerci), og spesielle venger som ser ser ut til å ligga horisontalt med ryggsida. Sjølv om bakbeina er godt utvikla hjå sirissane, går dei heller enn å gjera lange hopp. Hjå sirissar som lever underjordisk er vengene tilbakedanna. Nokre artar av sirissar er rekna som skadedyr, mellom dei den einaste arten som er funnen i Noreg, hus-siriss. I heile verda kjenner ein til over 4 000 artar.

Jordsirissar (Gryllotalpidae) lever i jorda og har kraftige gravebein. Dei kan minna om små moldvarpar, med frambein som er tilpassa graving, og framkroppen er noko større enn hos dei andre grashoppene. Dei går ganske raskt, men hoppar ikkje som grashoppene. I verda kjenner ein omtrent 60 artar. Det finst berre éin i Noreg, som er innført. Naturleg utbreiing går nord til Danmark og Sør-Sverige.

Hòlegrashopper (Rhaphidophoridae). Mange av artane lever i holrom i jorda. Dei er vingelause og har påfallande lange antenner og bein. I heile verda kjenner ein til omtrent 500 artar. I Noreg er det berre éin art, som berre lever innandørs. På New Zealand finst det hole-wetaer.

Wetaer (Anostostomatidae). I tilllegg til hole-wetaer, som høyrer til gruppa hòlegrashopper, finst det kjempe-wetaer, støyttann-wetaer, tre-wetaer og jord-wetaer. Desse er nokre av dei største insekta på jorda. Nokre artar blir 20 centimeter lange om ein tel med dei lange beina. Dei er berre kjende frå New Zealand, der det finst 22 artar.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Lauvgrashopper og sirissar har ufullstendig forvandling, det vil seia at overgangen frå nyklekt larve til det vaksne kjønnsmodne insektet går gradvis gjennom fleire nymfestadium.

Dei fleste artane er uspesialiserte i matvegen (polyfage). Mange artar lever dels av plantekost, dels av insekt og andre smådyr. Nokre er reine rovdyr og nokre er reine planteeterar.

Eggene blir lagde einskildvis eller i grupper i jorda, borksprekker o.l.

Læte[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste artane syng og har ein særs kraftig, gjerne høgfrekvent song. Det er hannen som syng, og dei ulike artane har ulik song. Songen blir laga ved at vengene blir gnidne mot kvarandre, eller mot nokre taggar på bakbeina. Hjå lauvgrashopper sit desse taggane på vengen og blir kalla stridulasjonskammer (hjå markgrashopper sit dei på innsida av dei kraftige baklårea og blir kalla stridulasjonsfiler, lyden blir laga ved at desse blir gnidne mot ein skarp kant på vengen). Høyrsletap gjer at mange menneske, særleg eldre, ikkje lenger kan høyra den høgfrekvente grashoppesongen.

Treliste
  • ekte insekt (Ectognatha)
    • Dicondylia
      • flygande insekt (Pterygota)
        • Neoptera («nyvenger»)
          • Orthopteroida («grashoppeliknande insekt»)
          • Underorden lauvgrashopper og sirissar (Ensifera) – som er kjenneteikna av at dei har svært lange antenner, så lange som eller lengre enn kroppen.
            • Overfamilie lauvgrashopper (Tettigonioidea)
              • Familie lauvgrashopper (Tettigoniidae)
                • sivgresshoppe Conocephalus dorsalis (Latreille, 1804)
                • vortebitar Decticus verrucivoris (Linnaeus, 1758)
                • grøn lauvgrashoppe Tettigonia viridissima (Linnaeus, 1758)
                • eikegrashoppe Meconema thalassinum (De Geer, 1773)
                • sabelgrashoppe Leptophyes punctatissima (Bosc, 1792)
                • sandgrashoppe Platycleis albopunctata (Goeze, 1758)
                • lynggrashoppe Metrioptera brachyptera (Linnaeus, 1761)
                • buskhoppar Pholidoptera griseoaptera (De Geer, 1773)
              • Familie Haglidae – ikkje i Noreg.
            • Overfamilie sirissar (Grylloidea)
              • Familie ekte sirissar (Gryllidae)
                • hus-siriss Acheta domestica (Linnaeus, 1758)
                • marksiriss Gryllus campestris Linnaeus, 1758 – ikkje i Noreg, men er funnen på Bornholm i Danmark.
              • Familie Myrmecophilidae – ikkje i Noreg.
              • Familie jordsirissar (Gryllotalpidae)
                • jordsiriss Gryllotalpa gryllotalpa (Linnaeus, 1758)
            • Overfamilie Gryllacridoidea
              • Familie Cooloolidae – ikkje i Noreg.
                • Familie kongesirissar (Anostostomatidae) – Mellom anna kjempe-wetaer, støyttann-wetaer, tre-wetaer og jord-wetaer. – ikkje i Noreg. 22 artar på New Zealand.
              • Familie bladrullande sirissar (Gryllacrididae) – ikkje i Noreg.
              • Familie hòlegrashopper (Rhaphidophoridae)
                • Veksthusgrashoppe Tachycines asynamorus Adelung, 1902
                • Hole-wetaer, Macropathini – 60 artar på New Zealand. Ikkje i Noreg.
              • Familie Schizodactylidae – ikkje i Noreg.
              • Familie jerusalemsirissar (Stenopelmatidae)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Lauvgrashopper og sirissar