Vortebitar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vortebitar
Vortebitar
Vortebitar
Vortebitarhoe
Vortebitarhoe
Status
Status i Noreg: VU Sårbar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Rettvenger Orthoptera
Familie: Lauvgrashopper Tettigoniidae
Slekt: Decticus
Art: Vortebitar D. verrucivorus
Vitskapleg namn
Decticus verrucivorus

Vortebitar (Decticus verrucivorus) er eit insekt i familien lauvgrashopper. Han er 25-45 mm lang (ikkje medrekna eggleggingsrøyret til hoa); hoa blir større enn hannen. Arten kan skiljast frå grøn lauvgashoppe ved at han aldri er reint grøn. Desse insekta er blant dei største og tyngste i norsk fauna. Vortebitaren er oftast grøn med små, mørke flekker, men det finst også mørke eller gråbrune individ.[1] Hjå hoa vender dessutan leggbrodden oppover. Antennene og vengene er noko kortare enn hjå grøn lauvgrashoppe. Som hjå denne gjev fargen framifrå kamuflasje, og trass i storleiken er han difor vanskeleg å få auge på. Meir enn grøn lauvgrashoppe føretrekk vortebitaren som regel å bruka dei kraftige bakbeina til å hoppa heller enn å fly.

Vortebitar. Arten kan mellom anna skiljast frå grøn lauvgrashoppe ved at leggbrodden peikar oppover.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Vortebitaren finst i tempererte delar av Eurasia, frå England (der han rett nok er sjeldan) og austover gjennom Asia til stillehavskysten. I sørlege strøk finst han mest i fjellet og går opp til over 2500 moh. i Alpane.[2]

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er vortebitaren kjend berre frå låglandet på Austlandet, Agder og i Rogaland. Han er nyleg funnen i Rollag. Dei nordlegaste eller høgastliggende funnstadene i resten av Noreg er Kviteseid (1941), Elverum (1874) og Nord-Fron (1853) – sistnemnde er det nordlegaste funnet av nokon lauvgrashoppe i Noreg. Arten er i tilbakegang både i Noreg og i resten av utbreiingsområdet.[3]

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Vortebitaren er mest aktiv om dagen. Som dei fleste lauvgrashopper er vortebitaren lettare å høyra enn å sjå. Han syng praktisk talt berre i solskin. Han føretrekk kort, solrik vegetasjon, gjerne med blanding av blomar, grastuer og nærast bert underlag – helst på eller nær dyrka mark. Om han føler seg truga, sluttar han å synga og slepp seg eller hoppar ned på bakken. Songen er annleis enn hjå grøn lauvgrashoppe, og ikkje fullt så sterk, men kan høyrast på minst 50 meters hald. Han består av korte, skarpe støyt – først eitt og eitt, men etter kvart flyt dei meir og meir saman, sjølv om ein framleis kan høyra enkeltstøyta. Vortebitaren er ukresen i matvegen og lever både av plantekost og ulike smådyr, ikkje minst markgrashopper. Det førekjem kannibalisme.[4] Storleiken og dei sterke kjevane gjer at vaksne vortebitarar sjeldan blir tatt av rovinsekt eller edderkoppar. Dei kan bita kraftig, samtidig som dei gulpar opp ei mørkebrun væske. Dette er kanskje opphav til overtrua om at dei kan brukast til å fjerna vorter, noko som også gjenspeglar seg i m.a. det latinske artsnamnet.

Livsløpet til vortebitaren er typisk for lauvgrashopper i tempererte strøk. Hoene legg egg seint i sesongen, og desse overvintrar – oftast to gongar. I Noreg blir egga vanlegvis klekka i mai. Nymfene kan ikkje synga, og kamuflasjefargane gjer at ein sjeldan ser dei. Etter 6-7 nymfestadium byrjar dei vaksne vortebitarane å visa seg – vanlegvis i juli, men i sørlege låglandsstrøk sist i juni i varme forsomrar. I Noreg er vortebitarane som regel dei fyrste lauvgrashoppene ein høyrer om sommaren. Dei døyr som regel i løpet av august eller byrjinga av september.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vortebitar