Lauvgrashopper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lauvgrashopper
Heupferd schraeg von hinten.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Rettvenger Orthoptera
Underorden: Lauvgrashopper og sirissar Ensifera
Overfamilie: Tettigonioidea
Familie: Lauvgrashopper Tettigoniidae
Krauss, 1902

Lauvgrashopper (Tettigoniidae) er ein insektfamilie i delgruppa Ensifera i ordenen rettvenger.

Dei fleste artane finst i tropiske område. Dei er utbreidde i heile verda, men manglar på dei meir kjølige stadene. Ein kjenner til over 5000 artar, men berre åtte av dei er blitt funne i Noreg.[1] Likevel blir ei rekke artar rekna for å vera underrapporterte, m.a. fordi dei er vanskelege å få auge på og fordi enkelte artar ikkje syng eller har ein lydsvak song. I Noreg finst dei stort sett berre i lågare strøk på Sør- og Austlandet, sjølv om enkelte av dei finst i Rogaland og Hordaland. Dei er vanlegast rundt Oslofjorden og langs sørlandskysten. Den nordlegaste funnstaden er Sør-Fron i Oppland, der ein har fann ein vortebitar i 1853.[2] Lynggrashoppa blir likevel antatt å finnast på Nordvestlandet.[3]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Lauvgrashopper er middelsstore til særs store (10- over 100 mm), grøne eller brunspragla grashopper med lange antenner. Hovudet har loddrett ansikt, fasettaugene er forholdsvis små og ovale, antennene er trådforma, lange og tynne, vanlegvis minst så lange som kroppen. Kjevane (mandiblane) er kraftige og skarpe, palpane nokså lange og tynne. Kroppen er høgare enn brei. Pronotum er meir eller mindre salforma. Forvengene er lêraktig harde, vanlegvis lange og slanke, men dei kan vera forkorta eller mangla heilt. Hos hannen er bakkantane forsterka og blir brukte som filer som blir gnidne mot kvarandre for å laga lyd. Bakvengene, om dei finst, er breie, tynne og sløraktige, vanlegvis utan påfallande farge. Mange artar er vengeløse eller har rudimentære venger. Bakkroppen er vanlegvis temmeleg kort og tjukk. Bakbeina er lange hoppebein, typisk omtrent så lange som kroppen, men hjå nokre små artar er dei opptil dobbelt så lange. Leggane (tibiae) på alle beinpar er tynne og har rekker av tornar. Føtene er fireledda, det tredje leddet er stort og to-lapp. Hoa har eit langt, skarpkanta, ofte sabelforma eggleggingsrøyr. Små nymfer er vengelause; i seine stadium har nymfene av nokre artar delvis utvikla venger. Dei skil seg frå markgrashopper eller nymfer av slike ved dei lange, trådtynne antennene. Dei skil seg frå andre norske insekt med lange antenner ved at kroppen er høgare enn han er brei.

Vortebitar (Decticus verrucivorus) er funnen nord til Sør-Fron. Han er eit dagdyr som syng i solskin. Foto: Harald Süpfle
Bladliknande lauvgrashoppe frå India.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Eggleggingsrøyret til ei sabelgrashoppe (Leptophyes punctatissima)

Dei fleste lauvgrashoppene er temmeleg altetande (polyfage) og lever dels av plantekost (som blomar) og dels av ulike smådyr (mellom anna mindre grashopper). Nokre av dei er reine planteeterar, og m.a. Saga pedo er reine kjøtteterar. Nokre artar er aktive i skumringa eller om natta, andre (t.d. vortebitar) er mest aktive i solskin, og atter andre kan vera aktive heile døgnet.

Sjølv om dei har velutvikla hoppebein, hoppar dei fleste lauvgrashopper ikkje tilnærma like mykje som markgrashoppene (Acridoidea). M.a. vortebitaren hoppar ofte, men enkelte artar hoppar sjeldan eller aldri. Mange lauvgrashopper har mista flygeevna fordi vengene er reduserte eller manglar, men enkelte mindre artar er gode flygarar.

Livsløp[endre | endre wikiteksten]

I tempererte strøk har lauvgrashoppene berre éin generasjon i året. Dei overvintrar som egg, som blir lagde i jord, borksprekkar o.l. Egga overvintrar ofte fleire gonger, slik at arten ikkje døyr ut på staden sjølv om sommaren blir så våt og kjølig at få eller ingen individ når kjønnsmogen alder. Dette skjer særleg i den nordlegaste delen av utbreiingsområdet. Eggene blir klekte om våren, i Noreg som regel i mai. Insekta går gjennom 6–7 nymfestadium før dei er utvaksne. Dei fyrste stadia er vengelause. Seinare veks vengeanlegga gradvis fram for kvart stadium (bortsett frå hjå vengelause artar). Det same gjeld leggbrodden hjå hoene. Elles kan ein skilja nymfene frå markgrashopper og nymfer av desse ved hjelp av dei lange, trådtynne antennene.Lenger sør i Europa kan ein ofte sjå eller (som oftast) høyra vaksne lauvgrashopper allereie i juni. I Noreg er dei sjeldan ute før midt i juli, sjølv om vortebitaren på dei varmaste stadene kan opptre sist i juni om våren og forsommaren har vore varme. Dei fleste artane gjer mest av seg i august, til dels òg utover i september. På denne tida kan ein finne hoer med spermatoforar hengande under bakkroppen. Etter paringa legg hoa egg. Nokre av artane kan formeira seg ved partenogenese. Hjå Saga pedo (som i Europa finst omtrent nord til Donau) finn ein praktisk talt aldri hannar. Dei vaksne lauvgrashoppene døyr utover hausten.

Læte[endre | endre wikiteksten]

Hann av lavgrashoppa Chlorobalius leucoviridis, som lokkar til seg sikadar med falsk sikadesong, for så å eta dei.

Lauvgrashoppene er kjende for ein til dels svært lydsterk song. Lydbildet hjå visse artar speglar seg i namn som katydid på USA-engelsk og tizi på fransk. Hannane syng ved å gni dei harde bakkantane på forvengene saman, ein skrapar på oversida av høgre veng mot ei fil på undersida av venstre. Dette gjev ein meir eller mindre skjerande lyd som for nokre artar, mellom anna grøn lauvgrashoppe, kan bera temmeleg langt. Songgrashoppa, som høyrer heime i Mellom-Europa og finst i Danmark og Sør-Finland, er endå meir lydsterk. Songen er som regel karakteristisk for kvar enkelt art, men hjå mange artar blir tempoet auka med stigande temperatur. Hoene blir tiltrekte av lyden, men gjev vanlegvis ikkje sjølv lyd frå seg. Hjå nokre artar kan dei svara med svakare gnisselydar. I underfamilien Ephippigerinae syng òg hoa.[4] Lauvgrashopper har øyre på frambeuna, og hoer hjå enkelte artar kan høyra songen på betydeleg avstand. Songen er likevel høgfrekvent – ca. 10 kHz for dei frekvensane som ber lengst hjå grøn lauvgrashoppe. Dette avgrensar rekkevidda sterkt viss songaren sit lågt i tett vegetasjon, men då er han til gjengjeld betre verna mot fuglar. Forsøk har vist at hoene kan høyra songen på 60 m hold om hannen sit meir enn 1 m over bakken.[5]

Nokre av artane syng berre om dagen, og vortebitaren syng berre i solskin. Den grøne lauvgresshoppa og buskhopparen syng mest om ettermiddagen og kvelden, også etter at det er blitt mørkt. Lauvgrashopper syng ikkje ved langvarig eller kraftig regn, og ikkje viss temperaturen går under ca. 10 °C, i det minste i Noreg.

Nyleg har ein også oppdaga at songen kan ha andre funksjonar enn å bringa kjønna saman. Den australske lauvgresshoppa Chlorobalius leucoviridis kan laga lydar som til forveksling liknar på dei som kjem frå kjønnsmogne hoer av sikadar i Cicadini-gruppa, sjølv om lauvgresshopper og sikadar har vidt forskjellige lydorgan og elles ikkje er i slekt. Hannlege sikadar blir lurt av den falske sikadesongen, kjem bort til lauvgrashoppa, og blir etne.[6]

Farar og fiendar[endre | endre wikiteksten]

Som dei fleste andre insekt har små lauvgrashopper og nymfene av dei større artane mange fiendar blant rovinsekt og edderkoppar. Dei store artane er mindre utsette for slike fiendar, men dei er ettertrakta av fuglar, spissmus, kattar og reptil, og i tropane òg aper. Om natta er flygande artar utsette for flaggermus.

Om lauvgrashoppene aner fare, sluttar dei å synga og sit gjerne stille så dei er vanskelege å få auge på. Blir faren overhengande, slepp dei seg oftast ned i vegetasjonen framfor å hoppa eller flyga vekk.

Særleg dei store artane kan bita kraftig, noko ein særleg kan merka om dei blir gripne over ryggskjoldet. Av og til kan dei bita gjennom huda. Namnet «vortebitar» kjem av at ein trudde at bitet til desse artane kunne kurera vorter. Samtidig som dei bit, spyr dei gjerne ut ein brun, illeluktande væske.

Status[endre | endre wikiteksten]

Mange artar av lauvgrashopper har livskraftige bestandar. Enkelte artar er sårbare eller direkte truga, eller kan ha døydd ut lokalt. I Noreg står 3 av 8 kjente artar på raudlista. Som for mange andre dyregrupper er tap av habitat oftast den farlegaste trusselen. I Europa, også i Noreg, er t.d. vortebitaren på tilbakegang, og mange stader er han blitt heilt borte; i England er han no særs sjeldan.[7] I Noreg omfattar tap av habitat dels granplanting eller forbusking (gjengroing) av tidlegare enger og beitemark, dels at lokalitetane blir øydelagde av vegar, bustad- og hyttebygging osb. Området rundt Oslofjorden, der klimaet er gunstigast for lauvgrashopper, er eit utprega pressområde. Restriksjonane på bygging i strandsona (som blei innførte med strandlova i 1965) kan kanskje redde enkelte lokale bestandar som er knytte til strandenger.

Systematisk inndeling med artar kjende frå Noreg[endre | endre wikiteksten]

Saga pedo (Saginae) er eit av dei største insekta i Europa
  • ekte insekt (Ectognatha)
    • Dicondylia
      • flygande insekt (Pterygota)
        • Neoptera («nyvenger»)
          • Orthopteroida
            • Orden Rettvenger (Orthoptera)
              • Underorden lauvgrashopper og sirissar (Ensifera)
                • Overfamilie Tettigonioidea
                  • Familie Lauvgrashopper, Tettigoniidae
                    • Underfamilie Phaneropterinae – ca. 2000 artar, planteeterar, nokre rekna som skadedyr. I Noreg:
                    • Underfamilie Mecopodinae – store artar, liknar blad
                    • Underfamilie Phyllophorinae – 60 artar, nokre med vengespenn over 25 cm, Indonesia, Ny-Guinea, nordlege Australia
                    • Underfamilie Pseudophyllinae – ca. 1000 artar i 250 slekter, mest i Sør-Amerika, nokre kjempestore med vengespenn opptil 20 cm.
                    • Underfamilie Conocephalinae. – over 1000 artar. I Noreg:
                    • Underfamilie Hetrodinae – piggete, 13 slektar, Afrika
                    • Underfamilie Tettigoniinae – dei fleste europeiske artane høyrer til her. I Noreg:
                    • Underfamilie Bradyporinae – éi slekt, austlege middelhavsområde
                    • Underfamilie Saginae – berre i gamle verda, 4 slektar, 6 artar i Europa, ikkje i Noreg, store rovdyr
                    • Underfamilie Tympanophorinae – éi slekt, tempererte område i Australia
                    • Underfamilie Austrosaginae – fem slektar, frø-etarar
                    • Underfamilie Listroscelidinae – truleg polyfyletisk gruppe, rovdyr, dei fleste i Australia
                    • Underfamilie Meconematinae. – små, gulgrøne, mest dagaktive, for det meste tropiske. I Noreg:
                    • Underfamilie Lipotactinae
                    • Underfamilie Microtettigoniinae – éi slekt, sørlege Australia
                    • Underfamilie Zaprochilinae – 17 artar, Australia, lever av pollen
                    • Underfamilie Phasmodinae – lange og tynne, liknar Phasmida, sørvestlege Australia
                    • Underfamilie Onconotinae – kortvenga, lever i buskar. 2 artar i Europa
                    • Underfamilie Acridoxeninae – merkelege insekt, éi slekt med to artar frå Vest-Afrika

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.nhm.uio.no/fagene/zoologi/insekter/norort/orthoptera/tettigoniidae.html[daud lenkje]
  2. http://www.nhm.uio.no/fagene/zoologi/insekter/norort/orthoptera/vortebiter.html
  3. http://www.nhm.uio.no/fakta/zoologi/insekter/norort/orthoptera/lynggresshoppe.html
  4. J.C.HartleyD.J.RobinsonA.C.Warne: Female response song in the ephippigerines Steropleurus stali and Platystolus obvius (Orthoptera, Tettigoniidae); https://www.sciencedirect.com/science/article/pii/S0003347274800357
  5. Arak, Anthony; Eiriksson, Thorleifur (1992). «Choice of Singing Sites by Male Bushcrickets (Tettigonia viridissima) in Relation to Signal Propagation». Behavioral Ecology and Sociobiology 30 (6): 365–372. ISSN 0340-5443. 
  6. D.C.Marshall, K.B.R.Hill 2009: "Versatile aggressive mimicry of cicadas by an Australian predatory katydid". PLoS ONE 4 (1): e4185. Bibcode 2009PLoSO...4.4185M. DOI:10.1371/journal.pone.0004185. PMC 2615208. PMID 19142230. //www.pubmedcentral.nih.gov/articlerender.fcgi?tool=pmcentrez&artid=2615208.
  7. http://www.arkive.org/wart-biter-cricket/decticus-verrucivorus/info.html?displayMode=factsheet[daud lenkje]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Lauvgrashopper