Lettklinke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Leca)
Hopp til navigering Hopp til søk
Leca-blokker

Lettklinker er eit byggemateriale laga av leire. Lettklinker er også kjend under namnet Leca som er eit produktnamn og varemerke, og som etterkvart har vorte degenerert og brukt som fellesnemning på lettklinker. Leca er eit akronym, henta frå det engelske Light Expanded Clay Aggregate. Materialet er lett og har god isolasjonsevne.

A/S Norsk Leca vart skipa i 1954 av Bergens-selskapet Rieber & Søn, men vart i 1972 selt til sementprodusenten Norcem, som frå 1987 er del av Aker Norcem. Her gjekk Norsk Leca etter hvert inn i Scancem, som i 1999 vart teke over av tyske HeidelbergCement. Norsk Leca vart underlagt dotterselskapet Optiroc, som i 2005 skifta namn til maxit Group. Fabrikkar i Skedsmo (Lillestrøm), Rælingen, Fredrikstad (Borge), Vestnes i Romsdal, Stjørdal og Skånland ved Harstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]