Materiale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulike metall.
Materialar til eit hobbyprosjekt. Her er eigenskapar som utsjånad viktig.
Plastflasker til gjenvinning.

Materiale er eit stoff som kan brukast til å lage noko, til dømes gjennom foredling, omdanning eller samansetjing. Materialteknologi er studiet av og kunnskap om materiale. Han omfattar materialvitskap, som tek opp dei grunnleggjande kjemiske, mekaniske og fysiske eigenskapane til ulike materiale, og materialteknikk, som ser på korleis ein bruker dei som komponentar, blandemateriale eller tilsetjingsstoff i produkt.

Nokre eigenskapar som har tyding for korleis ein kan bruka materiale er om dei er harde eller mjukare, bøyelege eller ikkje, tunge eller lette, eldfaste eller ikkje, om det er magnetiskme eller leiar elektrisitet, og mykje anna. Kunnskap om materiale er viktig der ein driv med framstilling av ting, og i arkitektur, ingeniørkunst og liknande.

Ein kan framstilla materiale på ulike måtar. Plantemateriale kan dyrkast eller sankast, dyremateriale kan ein få gjennom jakt eller oppdrett. Mange hardare materiale vinn ein ut frå berg gjennom gruvedrift, steinbrot og liknande. Petroleum blir henta ut frå jord eller havbotn og kan omdannast til ulike kunststoff. Verdifulle materiale kan også gjenvinnast eller gjenbrukast.

Døme på materiale[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Materiale

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Materiale» (2009, 14. februar). Store norske leksikon. Henta 23. juli 2013.
  • Fjellvåg, Helmer. (2009, 14. februar). «Materialvitenskap». Store norske leksikon. Henta 23. juli 2013.