Akronym

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit akronym (frå gresk ακρος, akros, «øvst»/«ytst» og ονομα, onoma, «namn») er eit førebokstavsord eller ein type forkorting som vert lesen og uttala som eit vanleg ord, altså ikkje bokstav for bokstav. Døme på vanlege akronym er laser, NATO og radar.

I dømet laser står bokstavane for «Light Amplification by Stimulated Emission of Radiation», altså «forsterking av lyssignal ved stimulert utstråling». NATO tyder «North Atlantic Treaty Organisation» (Atlanterhavspakta), medan radar tyder «RAdio Detecting And Ranging».

I forkortingar som DnB, DBS, NSB, BBS også vidare vert bokstavane uttala kvar for seg, og desse er altså ikkje akronym.

Litterære akronym: TANSTAAFL (there ain't no such thing as a free lunch), ASAP (as soon as possible).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]