Lettklinker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nærbilde av heil og halv lettklinker.
Leca-blokker

Lettklinker er eit byggemateriale laga av brent leire forma til små, porøse kuler med ei hard overflate. Lettklinker er også kjend under namnet Leca som er eit produktnamn og varemerke, og som etterkvart har vorte degenerert og brukt som fellesnemning på lettklinker. Leca er eit akronym, henta frå det engelske Light Expanded Clay Aggregate.[1] Materialet er lett og har god isolasjonsevne.

Ein laga fyrst lettklinker eller Leca i USA i 1917. I Skandinavia har materialet vorte laga sidan 1930-talet.[1]

I Noreg har lettklinker vore seld av Norsk Leca, som vart skipa i 1954. Selskapet har vorte selt fleire gonger. I dag er Leca Norge ein del av det fleirnasjonale føretaket Saint-Gobain.[2] Det vert laga lecakuler ved Lecafabrikken i Rælingen og lecablokker i fabrikkar i Borge ved Fredrikstad og Vestnes ved Molde.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Leca». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 16. november 2018. 
  2. «Historikk | Leca Norway», leca.no, henta 4. mai 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lettklinker