Lefortovo fengsel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lefortovofengselet

Lefortovo fengsel (russisk Лефортовская тюрьма) er eit fengsel i Moskva som sidan 2005 har vore under jurisdiksjonen til Justisdepartementet i Russland. Det blei bygd i 1881, og har namn etter Lefortovo-distriktet i Moskva der det ligg.

I løpet av «den store terroren» blei Lefortovo fengsel brukt av NKVD for avhøyr med tortur. Lefortovo var eit berykta KGB-fengsel og undersøkande isolator (russisk СИЗО, следственный изолятор) i Sovjetunionen for arrestasjon av politiske fangar.[1] I 1994 blei det overført til MVD, og frå 1996 til 2005 blei det levert tilbake til FSB, etterfølgjaren av KGB.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lefortovo» på GlobalSecurity.org