Legionær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gravstein for ein romersk legionær, Quintus Petilius Secundus.

Legionær, på latin kalla miles ('soldat') eller legionarius, var ein profesjonell romersk infanterisoldat, vanlegvis ein romersk borgar under 45 år. Soldaten blei innrullert i ein legion for 25 års teneste, ei endring frå tidlegare praksis med å innrulla berre for den tiden då det føregjekke ein militær kampanje. Dei siste fem åra var på lettare teneste som veteran.

På marsj i fiendtleg territorium blei legionæren utrusta med mellom tre og fjorten dagars rasjonar, rustning (lorica segmentata) og skjold (scutum), hjelm, gladius (kort sverd), dolk (pugio), eit vasskinn, ei korg og nokre reiskapar.[1] Alle legionærar hadde også spyd, anten eit hasta (vanleg spyd) eller to pilum (kastespyd), avhengig av periode og/eller posisjon i legionen.

Romerske soldatar gjekk gjennom hard trening. Disiplin var grunnlaget for suksessen til hæren, og soldatene blei kontinuerleg trente i våpenbruk og drill av formasjonar, raske marsjar med full utrusting og i tett formasjon var vanlege. Avvik frå reglane blei hardt straffa av centurionane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ross, Cowan (2003). Roman legionary : 58 BC - AD 69. McBride, Angus. Oxford: Osprey. ISBN 1841766003. OCLC 52661320.