Rustning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rustninga til Gustav Vasa i Livrustkammaren i Stockholm.
Rustning for både mann og hest frå omlag 1550, stilt ut i Musee de l'Armee i Paris, nytta av mamelukkar (krigarar for Det osmanske riket).

Rustning er fellesnemninga på utstyr krigarar tradisjonelt har brukt for å verna seg og eventuelle ridedyr mot stikk, hogg, slag og støytar frå våpen.[1] Ei rustning kan til dømes omfatta brynje, harnisk, hjelm, skjold og anna.[2] Ein har laga rustningar av horn, bein, tre, lêr, tøy og metall. I dag bruker ein gjerne skotsikre draktar laga av ulike kunststoff for å verna seg mot mot splintar og kuler.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Allereie i steinalderen kunne krigarar verna seg med huder med hårlaget ut og skjold laga av vidjer og trekte med dyrehud. Då ein fekk tilgang til bronse blei det etter kvart innført ein enkel hjelm. Hudene blei erstatta av lêr, lerretsplater stoppa med hamp, som etter kvart blei forsynt med ringar eller skjel av bronse og jern, ringflettverk og uthamra bronse- og jernplater. Seinare blei det også laga fullstendige rustninger av stålplater. Ein leivning av desse heldt seg fram til første verdskrigen som kyrass.[3]

Rustningar blei brukt i alle kulturstatar i oldtida. 2000 år f.Kr. bar assyriske krigarar rustningar av lêr eller metall, og også hestane var pansra. Greske og romerske krigarar hadde hjelm, rygg- og brystplate og beinskinner av bronse. Seinare blei det innført lêrrustningar.[3]

I det tunge persiske kavaleriet var både ryttar og hest fullstendig pansra med ringpanser frå hovud til fot, hjelm med visir, skjold og lanse som seinare riddarar i Mellomalder-Europa. Rustningar blei først vanlege i Europa på 500- og 600-talet, og gjekk etter kvart over til å vera eit kjennemerke for adelen. I den tidlegaste mellomalderen var sirkelrunde, kvelva skjold det einaste vanleg brukte dekkvåpenet for germanske folk. Etter kvart fekk ein brynjer og hjelmar, eller jernluer, pryda med ein oppståande kam. Under krosstoga blei brynja forsynt med ei hette til å trekkast opp over halsen og hovudet; over hetta bar ein hjelmen. Ermene til brynja blei forlenga med hanskar i form av vantar, og beina blei dekte av brynjehoser med føter. Under brynja blei det brukt ei polstra underkleding.[3]

Frå slutten av 1100-talet brukte ein lukka hjelmer med sprekker for augo og luftehol for munnen. Det blei også innført eit langskjold som ein bar over høgre skulder. Brynja verna godt mot pileskot og hogg, men kunne ikkje stå imot lansestøytar, som ein avverga med skjoldet. Det kom derfor til ei brystplate som ein hadde utanpå brynja. I byrjinga var denne av lêr, seinare blei ho laga av jern. Etter kvart blei det også innført ei ryggplate. Skjenerustninga utvikla seg også - først beina og sidan armane blei dekte av jernskjener. Midt på 1400-talet var rustninga blitt eit plateharnisk som nesten heilt omslutta kroppen og lemmane. I lag med utviklingina av eldvåpen blei platene tjukkar og tjukkare, og av omsyn til vekta blei det eine stykket etter det andre av harnisket sløyfa. Opne huer utan visir, stormhuer, fortrengde den lukka hjelmen, og ved slutten av Trettiårskrigen var berre bryst- og ryggplatean att som rustning for det tunge kavaleriet.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.