Leif Erlend Johannessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leif Erlend Johannessen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. mai 1980 (43 år)
Oslo
Yrke sjakkspelar, advokat
Leif Erlend Johannessen på Commons

Leif Erlend Johannessen (fødd 14. mai 1980) er ein norsk sjakkspelar.

Han vart utnemnd til internasjonal sjakkstormeister i 2002, som den femte norske med denne tittelen[1].

Han har dei siste åra blitt rangert som den tredje sterkaste sjakkspelaren i Noreg, etter Magnus Carlsen og Simen Agdestein.

Leif Erlend Johannessen klarte krava til stormeister-tittelen ved sterke resultat i turneringar i Oslo i januar 2002[2], på Bermuda også i januar 2002[3], og til slutt i Sigeman-turneringa i Malmö i juni 2002[4]. Desse sterke resulta gjorde at han også klarte å nå kravet om å oppnå eigen rating på minst 2500.

Han blei utnemnd til Internasjonal meister i sjakk i 1999 etter sterke resultat i Roskilde Open i juli 1998[5], Oslo Schakselskap si påsketurnering i mars-april 1999[6] og NM på Gausdal i juli 1999[7].

Leif Erlend Johannessen har deltatt 5 gongar på det norske landslaget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk), i åra 2000, 2002, 2004, 2006 og 2008. I 2000 spelte han på 1. bord. Han har eit samla resultat på 16 sigrar, 22 remisar og 18 tap, 27,0 poeng på 56 parti, 48,2 %[8].

Leif Erlend Johannessen er medlem i Oslo Schakselskap. Han er jurist av utdanning.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Stormeistertittelen tildelt på FIDE-kongressen i Bled 2002
  2. Norsk sjakkblad nr 2, 2002, s. 4-6
  3. Norsk sjakkblad nr 2, 2002, s. 4-6
  4. Norsk sjakkblad nr 4, 2002, s. 30
  5. Norsk sjakkblad nr 5, 1998 s. 30-31
  6. Norsk sjakkblad nr 3, 1999 s. 3
  7. Norsk sjakkblad nr 5, 1999 s. 4-10
  8. Olimpbase