Magnus Carlsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnus Carlsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. november 1990 (33 år)
Tønsberg
Yrke sjakkspelar
Språk norsk, engelsk
Nettstad https://magnuscarlsen.com
Magnus Carlsen på Commons
Magnus Carlsen i 2008

Sven Magnus Øen Carlsen, betre kjend som Magnus Carlsen (fødd 30. november 1990), er ein norsk sjakkspelar fødd i Tønsberg. Han er verdsmeister og stormeister og har oppnådd den høgaste ratinga gjennom historia med 2882. Carlsen vart i 2009 verdsmeister i lynsjakk. I 2013 vart han verdsmeister etter å hå slått Annand over 10 parti i november.

26. april 2004 vart Carlsen stormeister, berre 13 år og 148 dagar gammal, noko som då gjorde han til den nest yngste stormeisteren i historia. Han har sidan vorte den tredje yngste. I november 2009 fekk Carlsen ein Elo-rating på på Verdssjakkforbundet (FIDE) si ratingliste med 2801. Berre fire andre spelarar har hatt offisiell FIDE-rating over 2800, og med ei alder på 18 år og 336 dagar var han òg den yngste til å klare dette. 1. januar 2010 vart han rangert som nummer 1 på ratinglista med 2810.[1] Han var dermed den yngste som har toppa ein verdsranking i sjakk, og berre seks spelaren har toppa lista sidan FIDE starta sitt ratingsystem i 1970. I januar 2013 gjekk Carlsen forbi ratingrekorden til Garry Kasparov på 2851 poeng frå juli 1999 med ein rating på 2861.

Carlsen er den første norske sjakkspelar som har kvalifisert seg for kandidatturneringa for Verdsmeisterskapen i sjakk. Denne fann stad i mars og april 2013 og Carlsen vann turneringa som gjer at han skal møtte verdsmeister Viswanathan Anand til kamp om tittele i november 2013. carlsen vann verdsmeistertittelen over 10 parti.

Carlsen var kjend for den angripande stilen sin som tenåring, men har sidan vorte ein meir universell spelar. Han fokuserer ikkje like mykje på førebuing av opningstrekk som så mange andre toppspelarar gjer, og spelar mange forskjellige opningar, noko som gjer det vanskelegare for motstandarane å førebu seg mot han.

I 2013 kåra Time Magazine han til ein av dei 100 viktigaste personane i verda.[2]

Han er leiar av Offerspill sjakklubb,[3] som han oppretta i 2019.[4]

I 2019 tapte han VM-finalen i Fischersjakk mot Wesley So.

Plasseringar[endre | endre wikiteksten]

Magnus Carlsen har sidan 1. april 2008 vore den høgast rangerte sjakkspelaren i den vestlege verda – allereie då med ein femteplass på verdsrankingen.[5] Per 1. november 2009 var Magnus Carlsen rangert som nr. 2 i verda,[6] og han har vore den beste juniorspelaren i verda sidan 1. januar 2008.[7] Han har også sidan 1. juli 2006 vore den sterkaste sjakkspelaren i Norden,[8] etter kvart med god margin.

Magnus Carlsen fekk sitt internasjonale gjennombrot i januar 2004 då han som 13-åring vann C-gruppa i sjakkturneringa Corus Chess Tournament i Wijk aan Zee i Nederland. Denne sigeren gav han det første nappet i ein stormeistertittel i sjakk. Etter ytterlegare to gode prestasjonar dei neste månadene vart Magnus Carlsen den 26. april 2004 verdas til då nest yngste stormeister i sjakk gjennom tidene, i ein alder av 13 år 4 månader og 27 dagar. Sergey Karjakin frå Ukraina har framleis rekorden (2010-talet).[9] 1. juli 2006 klarte Parimarjan Negi frå India å bli stormeister i ein alder av 13 år, 4 månader og 22 dagar, og overtok dermed denne andreplassen frå Magnus Carlsen.

Sidan då har Magnus Carlsen halde fram den sterke framgangen, og var pr 1. april 2008 i ein alder av berre 17 år rangert som nr. 5 i verda på ratinglista til Verdssjakkforbundet FIDE, med ratingtalet 2765. På ratinglista for 1. juli 2008 hadde han gått opp til 2775, men falle ned til 6.-plassen.[10]

Den 5. september 2008 inntok han førsteplassen på den uoffisielle verdsrankingen for første gong. Han vann 16 ratingpoeng i turneringa i Foros i Ukraina i juni, som vart avslutta så seint i juni at den etter gjeldande reglar ikkje kunne takast med på den offisielle ratinglista per 1. juli, og han vann nye ratingpoeng i Bilbao i Spania i byrjinga av september 2008. Aldri før har ein så ung spelar toppa nokon verdsranking i sjakk.[11] Ei svak avslutning på turneringa i Bilbao gjorde at Magnus Carlsen miste nokre av ratingpoenga, og fall ned frå den uoffisielle førsteplassen. Han kom dermed inn på den offisielle ratinglista for 1. oktober 2008 med ein 4.-plass, med ratingtalet 2786 – berre 5 ratingpoeng bak Veselin Topalov på førsteplass.[12]

Første halvår 2009 viste framleis gode resultat i verdstoppen, medan han andre halvår 2009 rett og slett var den beste spelaren i verda. Siger med 8 poeng av 10 moglege i ei turnering i Nanjing i Kina, og siger i ei turnering i London i desember gav han då også førsteplassen på verdsrankingen.

18. november 2009 vann Magnus Carlsen verdsmeisterskapen i lynsjakk i Moskva, med 3 poeng margin til nummer 2, verdsmeisteren i sjakk Viswanathan Anand.

Bakgrunn og tidleg sjakk-karriere[endre | endre wikiteksten]

Magnus Carlsen bur i Lommedalen i Bærum. Han lærte tidleg sjakktrekka av faren, Henrik Carlsen, men viste lenge inga interesse for dette spelet, før han i juli 1999 spelte si første sjakkturnering. Dei følgjande månadane spelte han mange barnesjakkturneringar, og hadde rask framgang.[13]

I januar 2000 vart Simen Agdestein merksam på dette talentet. Han fekk ordna det slik at frå mars 2000 og eit års tid hadde Magnus Carlsen treningsøkter ein gong i veka på Norsk Toppidrettsgymnas, NTG, der Simen Agdestein var lærar på sjakklina. Meisterspelaren Torbjørn Ringdal Hansen var sivilarbeidar på NTG, og tok på seg dette oppdraget. Samtidig spelte Magnus Carlsen mykje sjakk, både turneringar og på nettet, og han brukte mykje tid på å studere sjakkbøker. Svært tidleg kunne han lese sjakkpartia rett ut av boka, og eit svært god minne førte til at han hugsa det meste.[14]

Framgangen var eksepsjonell, og allereie i september 2000 gjorde han ein ratingprestasjon på ca 2000, som er meisternivå, ved å ta 3,5 poeng på 5 parti i NM for juniorlag.[15] Framgangen heldt fram dei neste to åra, og i juli 2002, i ein alder av 11 år og 7 månader, var han klar for Eliteklassa i NM i sjakk på Røros. I Eliteklassa blir det kjempa om Noregsmeister-tittelen, og Magnus Carlsen klarte heiderlege 4 poeng på 9 rundar.[16]

Det neste året klarte han å bli Internasjonal Meister i sjakk, ved svært gode turneringsresultat på Gausdal i januar 2003[17], Stockholm i juni 2003[18] og i København i juli 2003[19]. Litt før i juli 2003 tok han delt 3–7. plass i Eliteklassa i NM i Fredrikstad.[20]

Frå ettersommaren 2003 tok familien Carlsen eit friår, tok dei 4 borna ut av skulen for å undervise dei sjølve, leigde ut huset, og drog på kryss og tvers i Europa, gjerne til stadar der Magnus kunne spele sjakkturnering.[21]

Ein stormeister på 13 år[endre | endre wikiteksten]

Magnus Carlsen i 2004

Første stormeisternapp
Magnus Carlsen hadde blitt lagt merke til, og blei invitert til å vere med i C-gruppa i den prestisjtunge Corus Chess Tournament i Wijk aan Zee i Nederland i januar 2004. Etter strålande spel vann han gruppa, med 10,5 poeng på 13 runder, eit heilt poeng over kravet til stormeisternapp.[22][23][24]

Vinsten mot Sipke Ernst, Nederland, 2474, i 12. og nest siste runde vekte spesiell oppsikt som eit briljant parti. Partiet avgjorde kven som skulle vinne gruppe C. Partiet fekk prisen som rundas parti, i konkurranse med partia i A- og B-gruppa. Stormeister Lubomir Kavalek viste fram partiet i si sjakkspalte i The Washington Post, og kalla Magnus Carlsen for "The Mozart of Chess". Partiet: [3]

Andre stormeisternapp
Eit nytt stormeisternapp kom allereie i den neste turneringa, i Aeroflot Open i Moskva i februar. 5 poeng på dei 8 første rundane mot 7 stormeistrar og ein sterk IM var nok, og med ein avsluttande remis mot ein stormeister til, enda Magnus Carlsen på 5,5 poeng på 9 rundar, eit halvt poeng over stormeisterkravet.[25][26]

Vinst mot Karpov og remis mot Kasparov
Det gjekk ikkje fullt så bra i turneringa i Reykjavik i mars, 4,5 poeng på 9 runder var godt unna stormeisterkravet. Men etterpå vart Magnus invitert til å vere med i ei turnering i lynsjakk (sjakk med svært kort tenketid.) Der slo Magnus Carlsen den 17. mars 2004 den tidlegare verdsmeisteren Anatolij Karpov, noko som vakte stor oppsikt i media. Lynturneringa var opptakten til ein hurtigsjakk-cup der Carlsen spelte seg til remis mot den dåverande verdseinaren Garri Kasparov, men tapte det neste partiet og rauk ut av turneringa.[27][28]

Tredje stormeisternapp og stormeistertittel
Det tredje og avgjerande stormeisternappet kom i ei turnering i Dubai 19.–27. april 2004. Etter sterkt spel var stormeisternappet og stormeistertittelen i boks allereie i 8. runde, den 26. april 2004. Remis i siste runde gjorde så at han igjen klarte stormeisternappet med margin, 6,5 poeng av 9 moglege var eit halvt poeng over kravet.[29]

Magnus Carlsen vart dermed verdas til då nest yngste stormeister i sjakk gjennom tidene, i ein alder av 13 år 4 månader og 26 dagar. Yngst var Sergey Karjakin, Ukraina, då han vart stormeister 12 år og 7 månader gamal i 2002. Magnus Carlsen vart dermed også den då yngste stormeisteren i verda.

Berre eit par dagar etterpå var Magnus i gang med ei ny turnering, Sigeman-turneringa i Malmö og København 30. april til 9. mai 2004. Med 5,5 poeng på 9 rundar tok han for sikkerheits skuld eit nytt stormeisternapp, også denne gongen med eit halvt poengs margin.[30][31]

VM i Tripoli i Libya 2004[endre | endre wikiteksten]

Verdssjakkforbundet FIDE arrangerte VM i Tripoli i Libya i juni–juli 2004. Dei fleste av dei 128 deltakarane hadde kvalifisert seg gjennom rating eller i kvalifiseringsturneringar. Men Verdssjakkforbundet ved presidenten hadde nokre friplassar til fordeling. Og etter dei gode resultata som Magnus Carlsen hadde hatt denne vinteren, fekk han ein av desse.

VM i Tripoli vart arrangert som ein cup, ei utslagsturnering. I første runde vart Magnus Carlsen sett opp mot den sterke stormeisteren Levon Aronian frå Armenia, då rata 2645. I tvekampen mellom desse to vart dei to første partia med vanleg tenketid remis. Det skulle deretter spelast to hurtigsjakk-parti. Magnus heldt remis i det første, men tapte det andre, og var dermed ute av VM.[32]

Noregsmeisterskapen 2004[endre | endre wikiteksten]

Magnus Carlsen, simultan i Molde i juli 2004

Noregsmeisterskapen i sjakk 2004 gjekk i Molde 3.–10. juli. Etter 9 runder var det blitt delt førsteplass mellom stormeister Berge Østenstad og Magnus Carlsen, begge med 7 poeng.[33]

Det var dermed klart for stikkamp, omkamp om NM-tittelen. Stikkampen vart spelt 4.–5. september 2004 i Sandvika. Etter dåverande reglar for denne omkampen hadde Berge Østenstad ein fordel: Han kom best ut av kvalitetsberekninga for motstand under turneringa. Og då sa dåverande reglar at han fekk NM-tittelen ved uavgjort kamp. Magnus måtte altså minst ta ein vinst og ein remis, for stikkampen skulle berre spelast over to parti med full tenketid. Berge Østenstad heldt remis i det første partiet med svart, og dermed var Magnus tvungen til å spele på vinst med svart. Han stod etter kvart dårlegast, og aksepterte difor Berge Østenstad sitt remistilbod. Dermed var Berge Østenstad noregsmeister for 2004 og mottok kongepokalen.[34]

Variable resultat fram til juni 2005[endre | endre wikiteksten]

Etter alle desse sterke resultata var Magnus Carlsen sin FIDE-rating pr 1. oktober 2004 oppe i 2581, tett på nivået for «superstormeister», tradisjonelt rekna til 2600.

Men deretter fekk han ein liten nedtur, med fleire resultat som for alle andre 13 til 14 år gamle sjakkspelarar ville ha blitt rekna som framifrå – men målt mot dei resultata han allereie hadde klart, var dei ikkje fullt så gode. Ratingen gjekk nedover, til 2553 i januar 2005, 2548 i april 2005 og 2528 pr 1. juli 2005. Men Magnus Carlsen hadde arbeidd godt, og lært mykje, og starta i juni 2005 ein ny opptur.

I denne perioden viste han likevel stadig vekk kva som budde i han, f eks ved sigrane mot VM-finalistane Nigel Short i Essent i Nederland i oktober 2004 [4][35] og Alexei Shirov i den sterke turneringa i Drammen i nyttårshelga 2004–2005 [5][36]. I Corus Chess Tournament i Wijk aan Zee i Nederland i januar 2005 øydela to avsluttande tap for ein bra prestasjon, det vart 7.-plass av 14 i B-gruppa med 7 poeng på 13 parti. Men ei perle av eit parti mot stormeister Predrag Nikolic gjekk verda rundt.[6][37]

Ny sterk framgang frå juni 2005[endre | endre wikiteksten]

Magnus Carlsen under EM i sjakk i Warszawa i juni 2005

Europameisterskapen i sjakk i Warszawa i juni 2005 var i tillegg kvalifisering til Verdscupen i sjakk (World Cup) i Khanty-Mansijsk i november–desember. Og etter 11 av dei totalt 13 rundane hadde Magnus Carlsen klart seg bra, men for å gå vidare måtte han vinne dei to siste partia. Dette klarte han, mellom anna ved å vinne mot den dåverande nordiske einaren, stormeister Peter Heine Nielsen frå Danmark, i nest siste runde. Dette gav ein 34.-plass i det store feltet, og det var akkurat nok til å kvalifisere seg for Verdscupen.[38]

Deretter drog Magnus Carlsen direkte til Noregsmeisterskapen i sjakk i Sandnes. Også dette året klarte Magnus 7 poeng på dei 9 rundane, og også denne gongen var det ein veteran som tok like mange poeng: Simen Agdestein.[39]

Det var dermed klart for ny stikkamp. Den blei spela hos TV2-Nettavisen i Oslo, 7.–10. november 2005. Reglane var no blitt endra i forhold til året før – så sjølv om Magnus Carlsen hadde best kvalitet i NM, fekk han ikkje noko glede av dette. Det skulle først spelast to parti med lang tenketid, deretter to og to parti hurtigsjakk til ein vinnar vart kåra. Kampen vart overført direkte på nettet, og det var stor interesse for å følgje med på partia. Det første partiet vann Simen Agdestein med kvit, men Magnus utlikna i det andre partiet etter sterkt spel. Deretter måtte det 6 hurtigsjakkparti før ein vinnar var klar: Simen Agdestein vann det siste partiet, og kunne etter 17 timar spel motta kongepokalen.[40]

Mellom NM og stikkampen hadde Magnus Carlsen gode resultat i Biel internasjonale sjakkfestival i Biel i Sveits[41], og imponerande 8 poeng av 9 moglege på Gausdal 1.–9. oktober 2005.[42]

Verdscupen i Khanty-Mansijsk – tidenes yngste VM-kandidat[endre | endre wikiteksten]

Verdscupen i sjakk i Khanty-Mansijsk vart spela i tida 27. november til 17. desember 2005. Turneringa var arrangert som ei utslagsturnering, med tvekampar mellom to og to spelarar, der spelarane først skulle spele to parti med lang tenketid. Viss tvekampen ikkje vart avgjort på desse to første partia, så gjekk spelarane vidare til nye to og to parti med hurtigsjakk og til slutt lynsjakk, for å kåre ein vinnar.

Ved starten av turneringa var Magnus Carlsen med sin rating på 2570 rangert så langt nede som nummer 97 av dei 128 deltakarane. Men han gjorde det sensasjonelt bra, og slo ut den eine sterke stormeisteren etter den andre.

Dei tre første rundane: Europameisteren i sjakk for 2004 Zurab Azmaiparashvili frå Georgia, rating 2658, Farrukh Amonatov, Tadsjikistan, rating 2572 og Ivan Cheparinov, Bulgaria, rating 2618.

Dermed var det igjen berre 16 spelarar, og av desse ville dei 10 fremste kvalifisere seg til kandidatturneringa som kårar utfordrarar til verdsmeisterskapen i sjakk.

Fjerde runde: Stormeister Evgenij Bareev, Russland, rating 2675 – i si tid rangert som nr. 3 i verda, og så seint som hausten 2003 rangert som nr. 4 med rating 2739: Remisar i dei to første partia, deretter vinststilling i første hurtigsjakkparti – som vart tap likevel, og remis i det andre hurtigsjakkpartiet.

Dermed var det klart for plasseringsspel om plassane 9–16: Femte runde: Stormeister Joel Lautier, Frankrike, rating 2679: Remis i første partiet, vinst i det andre – med svart. Sjette runde: Stormeister Vladimir Malakhov, Russland, rating 2670: Remis i dei to første partia, deretter 1–1 i hurtigsjakken, og så vinst og remis i dei to første lynsjakkpartia.

Dermed var Magnus Carlsen den 14. desember 2005 den første norske som kvalifiserte seg for kandidatturneringa for Verdsmeisterskapen i sjakk. Og han slo med dette også Bobby Fischer sin rekord frå 1958 som den yngste som nokon gong har kvalifisert seg til kandidatturneringa.

Sjuande runde, plassane 9 og 10: Stormeister Gata Kamsky, USA, rating 2690 – i 1996 tapte han ein VM-kamp mot Anatolij Karpov: Vinst i første parti, tap i det andre – og deretter tap 0–2 i hurtigsjakken.

Dermed ein 10.-plass til slutt, ein sensasjon av Magnus Carlsen, som så vidt var blitt 15 år – han fylte 15 år i starten av turneringa, den 30. november.[43]

2006 – ny framgang og endeleg Noregsmeister[endre | endre wikiteksten]

Corus Chess Tournament 14.–29. januar 2006 bekrefta at Magnus Carlsen var på veg oppover. I gruppe B vart det ein delt førsteplass med Aleksander Motylev, Russland med 9 poeng av 13 moglege, ein ratingprestasjon på 2739. Han var dermed klar for A-gruppa for 2007. Partiet som vakte mest oppsikt var ein vinst på 20 trekk mot stormeister Alexander Beliavsky, Slovakia, rating 2626.[44]

Deretter kom ein ny opptur i Reykjavik i mars. Reykjavik Open 6.–14. mars vart berre eit «normalresultat» etter eit unødig tap i siste runde: 6–9. plass med 6,5 poeng på 9 runder, ratingprestasjon 2657. Men deretter var det klart for lynsjakkturneringa Glitnir Blitz, som Magnus Carlsen rett og slett vann, etter mellom anna å ha slått ut dåverande verdstrear Viswanathan Anand med 2–0 i semifinalen.[45]

Til sjakk-olympiaden (lag-VM i sjakk) i Torino 20.05–04.06.2006 stilte Noreg med toppa lag, for første gong med 6 stormeistrar, og med Magnus Carlsen på første bord. På grunn av eksamen frå ungdomsskulen kunne ikkje Magnus vere med før frå den sjette av dei 13 rundane. Men på desse 8 rundane tok han 6 poeng, 4 vinstar og 4 remisar, ratingprestasjon 2820[46]. Eit høgdepunkt var vinsten mot Michael Adams, England, rating 2720.[47]

I Midnight Sun Chess Challenge i Tromsø i juni–juli gjorde Magnus Carlsen ein ny god prestasjon, 2.-plass med 7 poeng på 9 rundar.

Noregsmeisterskapen i sjakk for 2006 var i byrjinga av juli i Moss, og Magnus Carlsen tok som vanleg 7 poeng på dei 9 rundane – etter eit tap mot stormeister Berge Østenstad i siste runde. Stormeister Simen Agdestein vann i siste runde, og fekk også 7 poeng.[48] Det var dermed klart for stikkamp for Magnus Carlsen for tredje året på rad.

Før stikkampen spelte Magnus Carlsen stormeisterturnering i Biel internasjonale sjakkfestival i Biel i Sveits i 24. juli–3. august 2006, der han tok ein 2.-plass 6 poeng av 10 moglege med ratingprestasjon 2745.[49] Deltakarar i ratingrekkefølgje var Aleksander Morozevitsj, Russland 2731, Teimour Radjabov, Aserbajdsjan 2728, Magnus Carlsen, Noreg 2675, Lazaro Bruzon, Cuba 2667, Andrej Volokitin, Ukraina 2662 og Jannick Pelletier, Sveits 2583. Høgdepunktet var nok at han slo turneringsvinnaren Alexander Morozevitsj, Russland – rating 2731 – i begge partia.[50]

19.–29. august 2006 spelte Magnus Carlsen i NH Chess Tournament i Nederland. 5 unge spelarar vart inviterte til å spele 2 parti kvar mot 5 "veteranar". Førstepremien for dei unge spelarane var ein invitasjon til Melody Amber-turneringa i sjakk i Monaco i mars 2007. Det unge laget bestod av Sergej Karjakin, Ukraina 2679, Magnus Carlsen, Noreg 2675, Wang Hao, Kina 2610, Daniel Stellwagen, Nederland 2575 og Jan Smeets, Nederland 2532. Veterane var Alexander Beliavsky, Slovenia 2625, Artur Jussupow, Tyskland 2617, John Nunn, England 2617, Ljubomir Ljubojevic, Serbia 2551 og Ulf Andersson, Sverige 2542. Magnus Carlsen gjorde det best av dei unge spelarane, med 6,5 poeng og ein ratingprestasjon på 2700, og var dermed klar for Melody Amber-turneringa. Sergej Karjakin vart nr. 2 med 6 poeng.

Stikkampen om Noregsmeisterskapen i sjakk blei avvikla 19.–21. september. Dei to innleiande partia med lang tenketid vart begge remis, etter at Magnus til dels hadde vore på svært tynn is. Men i dei to neste hurtigsjakk-partia viste Magnus kven som var blitt best i landet ved å vinne begge to. Han kunne dermed motta kongepokalen for første gong.[51]

I november var det klart for Magnus Carlsen si første superturnering, Tal Memorial i Moskva. Store delar av verdseliten var samla – nr. 4, 5, 7, 8, 10, 12, 14, 17 og 20 på verdsrankingen. Magnus hadde no kome seg opp i 2698 i rating – men var likevel lågast rangert, alle dei andre 9 hadde over 2700 i rating. Dette var tøff motstand, og Magnus klarte ikkje å vinne noko parti – sju remisar og to tap gav ein delt 8.-plass.[52]

2007 – ein dårleg start og deretter gjennombrotet i verdseliten[endre | endre wikiteksten]

Corus Chess Tournament[endre | endre wikiteksten]

Magnus Carlsen hadde kvalifisert seg for A-gruppa i Corus Chess Tournament i Wijk aan Zee 12.–28. januar 2007 med den delte førsteplassen i B-gruppa i 2006. A-gruppa i Corus-turneringa er ei av dei mest prestisjefylte og sterkaste årlege turneringane i verda. 2007-utgåva hadde på plass nr. 1, 2, 3, 7, 11, 12, 14, 15, 17, 24, 25, 27, 29 og 58 i verda, med eit ratingsnitt på 2718. Men heller ikkje dette møtet med verdstoppen i sjakk vart nokon suksess: Delt sisteplass med 4,5 poeng på 13 parti etter 9 remisar og 4 tap.[53]

Andreplass i Morelia-Linares[endre | endre wikiteksten]

Forhåpningane var dermed ikkje så store før Magnus Carlsen sin debut i verdas mest presisjetunge turnering, Moralia-Linares 16. februar til 11. mars 2008 i Mexico og Spania. Deltakinga var som vanleg formidabel, med nr. 1, 2, 5, 6, 7, 8 og 12 på verdsrankingen – i tillegg til Magnus som då var rangert som nr. 24. Desse skulle møte kvarandre to gongar. Ratingsnittet var 2745.

Dette blei likevel Magnus Carlsen sitt store gjennombrot i verdstoppen i sjakk: Han tok delt andreplass i turneringa, med 7,5 poeng av 14 moglege, etter å ha vunne 4 parti mot etablerte verdsstjerner, tapt 3 parti, og spelt 7 remisar. Eit lite høgdepunkt var vinsten mot tidlegare verdseinar og verdsmeister Veselin Topalov.[54]

Melody Amber[endre | endre wikiteksten]

Sigeren i NH Chess Tournament i Nederland i august 2006 hadde kvalifisert Magnus Carlsen for den årlege Melody Amber-turneringa i Monaco i tida 17. til 29. mars 2007. Som vanleg var 12 av dei beste spelarane i verda på plass, nr. 2, 3, 5, 6, 7, 8, 10, 11, 12, 24, 26 og 29 på verdsrankingen. Ratingsnitt 2731. Desse skulle som vanleg spele eit parti blindsjakk og eit parti hurtigsjakk mot kvarandre. Igjen klarte Magnus Carlsen seg bra, med delt andreplass i hurtigsjakken med 6,5 poeng av 11, og 9.-plass i blindsjakken med 4 poeng av 11. Totalt ein delt 8.-plass med 10,5 poeng av 22 moglege. Dermed ratingprestasjon i hurtigsjakken på sterke 2797.[55]

Siger i Gausdal Chess Classics[endre | endre wikiteksten]

Gausdal Chess Classics 18.–26. april 2007 brukte Magnus Carlsen til å kome seg over 2700 i rating uoffisielt. Turneringa hadde eit ratingsnitt på 2539, og Magnus tok 7 poeng på 9 rundar etter 5 sigrar og 4 remisar. Ratingprestasjon 2748.

Kandidatturneringa i Elista i mai–juni 2007[endre | endre wikiteksten]

I kandidatturneringa til VM i sjakk i Elista 27. mai–13. juni 2007 [7] Arkivert 2007-06-02 ved Wayback Machine. spelte Magnus Carlsen ein svært jamn kamp mot Levon Aronian frå Armenia, då rangert som nr. 5 i verda med rating 2759. Kandidatturneringa samla 16 av dei beste spelarane i verda, der 2 og 2 skulle møte kvarandre i tvekampar over 6 parti. Deretter skulle vinnarane spele mot kvarandre i nye tvekampar over 6 parti. Dei 4 vinnarane var kvalifiserte til VM-turneringa i sjakk i Mexico City i september 2007.

Magnus Carlsen tapte det første partiet med kvit. Etter remis i det andre partiet vann Magnus eit pent parti i tredje runde, der Aronian si dårlege kongestilling vart avgjerande. [8] Aronian vann deretter det fjerde partiet, men Magnus kontra straks med ein ny pen siger, der han igjen vann eit pent sluttspel. [9]. Det sjette partiet vart remis. Dermed 3–3 etter dei 6 første partia med full tenketid, og det skulle spelast 4 parti hurtigsjakk. Igjen vann Aronian det første partiet, deretter vart det to remisar, før Magnus for tredje gong utlikna i tvekampen. 2–2 i hurtigsjakken. Kampen vart deretter avgjort med to parti lynsjakk, der Aronian vann begge, 2–0. Aronian gjekk dermed vidare til neste runde mot Alexei Shirov, Spania, som han slo 3,5–2,5.

Siger i Biel[endre | endre wikiteksten]

Magnus Carlsen vann deretter si første store internasjonale turnering, Biel internasjonale sjakkfestival i Biel i Sveits 23. juli–1. august 2007.

Deltakarar i ratingrekkefølgje: Teimour Radjabov, Aserbajdsjan 2746, Aleksander Grischuk, Russland 2716, Magnus Carlsen, Noreg 2710, Judit Polgar, Ungarn 2707, Bu Xiangzhi, Kina 2685, Loek van Wely, Nederland 2679, Alexander Onischuk, USA 2650, Aleksander Motylev, Russland 2648, Boris Avrukh, Israel 2645 og Yannick Pelletier, Sveits 2583. Ratingsnitt dermed 2677.

Magnus Carlsen starta turneringa svært bra, med vinst mot Bu, remis mot Judit Polgar og Boris Avrukh, vinstar mot Motylev og Onischuk og remis mot Grischuk. Han leia dermed turneringa med 4,5 poeng på 6 parti. Men deretter tapte Magnus overraskande mot sisterangerte Pelletier og botnplasserte van Wely, før han tok seg meisterleg saman og vann eit fint angrepsparti mot Radjabov. [10] Han delte dermed førsteplassen med Onichuk, begge med 5,5 poeng på 9 rundar, og vart også kåra som vinnar etter å ha vunne ein stikkamp mot Onischuk. Ratingprestasjonen vart solide 2754.[56]

Delt tredjeplass i verdscupen i Khanty-Mansijsk[endre | endre wikiteksten]

Verdscupen i sjakk 2007 i Khanty-Mansijsk vart spelt i tida 24. november til 16. desember 2007 med 128 deltakarar. Turneringa vart som i 2005 arrangert som ei utslagsturnering med tvekampar mellom to og to spelarar, der spelarane først skulle spele to parti med lang tenketid. Viss tvekampen ikkje vart avgjort på desse to første partia, så gjekk spelarane vidare til nye to og to parti med hurtigsjakk og til slutt lynsjakk, for å kåre ein vinnar.

Denne gongen var Magnus Carlsen med sin rating på 2714 rangert som ein av favorittane i turneringa, men gjorde det på nytt enda betre enn venta.

Første runde: IM Zong-Yuan Zhao, Australia, rating 2491: Vinst i begge partia, greit vidare med 2–0.

Andre runde: Stormeister Arkadij Naiditsch, Tyskland, rating 2647: Remis i begge dei to første partia, 2–0 i hurtigsjakken.

Tredje runde: Stormeister Lenier Dominguez Perez, Cuba, rating 2683: Grei remis med svart i første parti, ein fin siger med kvit i andre parti.

Fjerde runde: Stormeister Michael Adams, England, rating 2729: Ein fin siger med kvit i første parti, og ein hardt tilkjempa remis i andre parti.

Femte runde, kvartfinale: Stormeister Ivan Cheparinov, Bulgaria, rating 2670: Vinst i første partiet, remis i det andre.

Dermed var det igjen berre 4 spelarar, og desse fire var dermed kvalifiserte til Verdssjakkforbundet FIDE sin VM-kvalifiserande serie med turneringar i FIDE Grand Prix for 2008 og 2009. Vinnaren av Verdscupen ville dessutan få retten til å spele VM-semifinale mot Veselin Topalov i 2008.

Desse fire var Magnus Carlsen, som skulle opp mot Gata Kamsky, USA, og Sergej Karjakin, Ukraina som skulle møte Alexei Shirov, Spania.

Sjette runde, semifinale: Stormeister Gata Kamsky, USA, rating 2714: Remis med kvit i første parti, tap med svart i andre parti.

Den andre semifinalen mellom Shirov og Karjakin enda med 2 remisar, før Shirov vann 1,5–0,5 i hurtigsjakken.

Finalen mellom Shirov og Kamsky gjekk over 4 parti, og enda med siger til Kamsky, etter at Kamsky vann andre parti og det elles vart tre remisar. Gata Kamsky vann dermed retten til å spele VM-kvalifisering mot Topalov.

Dermed ein delt tredjeplass til slutt til Magnus Carlsen, saman med det andre store vedunderbarnet i internasjonal sjakk dei siste åra: Sergej Karjakin, Ukraina.

2008 – på veg mot verdstoppen i sjakk[endre | endre wikiteksten]

Siger i Corus Chess Tournament i januar 2008[endre | endre wikiteksten]

Magnus Carlsen var etter dei sterke resultata året før igjen innbeden til A-gruppa i Corus Chess Tournament i Wijk aan Zee 12.–27. januar 2008. Som vanleg var det eit fryktinngytande felt som stilte til start i dette som er ein av dei mest prestisjefylte og sterkaste årlege turneringane i verda. 2008-utgåva hadde på plass nr. 1, 2, 3, 6, 8, 9, 10, 11, 12, 13, 16, 22, 27 og 35 i verda, med eit ratingsnitt på 2742. Dei tre første var dei tre siste verdsmeistane: Verdsmeister Viswanathan Anand, og eks-verdsmeistrane Vladimir Kramnik og Veselin Topalov.

Magnus Carlsen tok delt førsteplass med Levon Aronian, Armenia, med 8 poeng på 13 rundar, etter 5 sigrar, 6 remisar og 2 tap. Ratingprestasjon 2830. Spesielt imponerande var sigeren med svart mot tidlegare verdsmeister Kramnik i nest siste runde. Kramnik taper nesten aldri med dei kvite brikkene.

Andreplass i Morelia-Linares-turneringa[endre | endre wikiteksten]

Forhåpningane var dermed store før Magnus Carlsen på nytt skulle delta i verdas mest presisjetunge turnering, Moralia-Linares 15. februar til 7. mars 2008 i Mexico og Spania. Deltakinga var igjen formidabel, med nr. 2, 3, 7, 8, 9, 10, 12 og 13 på verdsrankingen: Anand 2799, Topalov 2780, Shirov 2755, Leko 2753, Ivanchuk 2751, Aronian 2739, Radjabov 2735 og Carlsen 2733. Desse skulle møte kvarandre to gongar. Ratingsnittet var 2756.

Dette vart på nytt eit sterkt resultat for Magnus Carlsen. Han tok som i 2007 andreplass i turneringa, denne gongen åleine, med 8 poeng av 14 moglege, etter å ha vunne 5 parti, tapt 3 parti, og spelt 6 remisar. Ratingprestasjon 2808. Verdsmeister Anand vann turneringa med 8,5 poeng. Høgdepunkta var nok siger i begge partia mot tidlegare verdseinar og verdsmeister Veselin Topalov, og sigeren mot Aronian.

Andreplass i Melody Amber-turneringa[endre | endre wikiteksten]

Deretter var det igjen klart for den årlege Melody Amber-turneringa, denne gongen i Nice i Frankrike, i tida 15. til 27. mars 2008. Så godt som heile verdstoppen på plass, nr. 1, 2, 3, 4, 6, 8, 9, 10, 11, 13, 14 og 35 på verdsrankingen: Kramnik, Anand, Topalov, Morozevitsj, Mamedjarov, Leko, Ivanchuk, Aronian, Gelfand, Carlsen, Karjakin og van Wely. Ratingsnitt 2752. Desse skulle som vanleg spele eit parti blindsjakk og eit parti hurtigsjakk mot kvarandre. Igjen vart dette eit godt resultat frå Magnus Carlsen si side: Delt andreplass totalt, med 12 poeng av 22 moglege, saman med Kramnik, Leko og Topalov. Aronian var suveren vinnar med 14,5 poeng. Magnus Carlsen klarte 6 poeng både i blindsjakk og hurtigsjakk. Dermed ratingprestasjon 2785 i begge disiplinar.[57]

Delt siger i FIDE Grand Prix i Baku april–mai 2008[endre | endre wikiteksten]

Magnus Carlsen hadde kvalifisert seg for Verdssjakkforbundet FIDE sin VM-kvalifiserande serie med turneringar for 2008 og 2009, kalla FIDE Grand Prix, ved å kome på ein av dei 4 fremste plassane i Verdscupen i sjakk 2007 i Khanty-Mansijsk i november–desember 2007. Dette var planlagt som 6 turneringar, der kvar av deltakarane skulle delta i 4 av turneringane. Kvar turnering skulle ha 14 spelarar frå verdstoppen. Samanlagtvinnaren skulle få retten til å spele ein kamp over 8 parti mot vinnaren av Verdscupen i 2009. Vinnaren av denne kampen skulle spele VM-kamp planlagt til tredje kvartal i 2010.

Den første av desse turneringane gjekk i Baku i Aserbajdsjan 20. april til 6. mai 2008. Etter dei sterke resultata Magnus Carlsen hadde hatt, var han no rangert som nr. 1 i turneringa. Ratingsnittet var 2717. Magnus Carlsen sleit lenge med å få fart på brikkene, med mange remisar. Han vann mot Ernesto Inarkiev, Russland, 2684 i tredje runde, men tapte så i fjerde runde mot Shakhriar Mamedjarov, Aserbajdsjan, 2752. Magnus Carlsen vann så eit spennande parti mot Teimour Radjabov, Aserbajdsjan, 2751, i 7. runde. Deretter vart det fire remisar på rad før det vart ei meisterleg avslutning på turneringa: Vinst i 12. og nest siste runde med kvit mot Michael Adams, England, 2729, og deretter vinst med svart i 13. og siste runde mot Etienne Bacrot, Frankrike, 2705. Dermed vart det delt førsteplass på Magnus Carlsen, med 8 poeng av 13 moglege, saman med Vugar Gasjimov, Aserbajdsjan og Yue Wang, Kina. Ratingprestasjon 2801.[58]

Siger i tvekamp i hurtigsjakk mot Peter Leko[endre | endre wikiteksten]

I slutten av mai spelte Magnus Carlsen ein liten tvekamp i hurtigsjakk mot Peter Leko, Ungarn, 28. mai til 1. juni 2008, i Miskolc i Ungarn. Peter Leko var no rangert som nr. 10 i verda med rating 2741, men spelte så seint som i 2004 uavgjort i VM-kamp mot Vladimir Kramnik, Russland. Magnus Carlsen har dessutan hatt dårlege resultat mot Peter Leko, og ikkje vunne eit parti mot han, men tapt fleire. Men denne gongen gjekk det betre, Magnus Carlsen vann tvekampen 5–3 etter 2 sigrar og 6 remisar.[59]

Overlegen siger i Aerosvit-turneringa i juni 2008[endre | endre wikiteksten]

Så var det omtrent rett til Aerosvit-turneringa i sjakk i ForosKrim i Ukraina i tida 8.–19. juni 2008. Magnus Carlsen var igjen høgast rata, men feltet bestod av nr. 9, 11, 12, 13, 19, 20, 33, 37, 39, 45 og 56 i verda: Svidler, Ivanchuk, Shirov, Karjakin, Jakovenko, Alekseev, Eljanov, Volokitin, Nispeanu, van Wely og Onischuk. Ratingsnitt 2712.

Turneringa vart ein ny stor framgang for Magnus Carlsen. I dei førse 5 rundane tok han 4,5 poeng av 5 moglege, etter siger mot Ivanchuk, remis mot Svidler, og deretter vinstar mot van Wely, Eljanov og Shirov. Ein remis mot Alekseev vart følgt av ein ny vinst, mot Nispeanu. Magnus Carlsen hadde dermed 6 poeng på dei 7 første partia.

Magnus Carlsen hadde dermed også vunne mange ratingpoeng, og var uoffisielt oppe på andreplass i verda med 2795,3, berre 2,8 poeng bak verdsmeister og verdseinar Anand med 2798,1. Spenninga var derfor stor om Magnus Carlsen skulle klare å vinne fleire parti, og dermed overta topplassen – i alle fall uoffisielt. Det klarte han ikkje, men med 4 avsluttande remisar mot Onischuk, Jakovenko, Volokitin og Karjakin så vann han turneringa klart, med 8 poeng på 11 rundar. Ratingprestasjon sterke 2877.[60][61]

Uoffisiell rating som nr. 2 i verda pr. 1. juli 2008[endre | endre wikiteksten]

Magnus Carlsen hadde dermed ein uoffisiell rating på 2791,5, andreplass i verda. Fordi turneringa vart avslutta etter fristen for å sende ratingrapport til verdssjakkforbundet FIDE, 15. juni, kom dette resultatet ikkje med på FIDE si ratingliste pr 1. juli 2008, der Magnus Carlsen fekk 2775 som ny rating, ein offisiell sjetteplass i verda. Han hadde på den andre sida 16,1 ratingpoeng i boks, som han blei godskriven på FIDE si ratingliste for 1. oktober 2008.[62]

Uoffisiell rating som nr. 1 i verda pr 5. september 2008[endre | endre wikiteksten]

Magnus Carlsen hadde ein berre middels prestasjon i Biel internasjonale sjakkfestival i juli, og miste nokre ratingpoeng. Sluttresultatet vart ein tredjeplass, med 6 poeng på 10 runder.[63] Men i den såkalla Grand Slam-turneringa mellom 6 av dei beste spelarane i verda, Bilbao Final Masters i september, starta han svært bra, med mellom anna sigrar mot Levon Aronian og Teimour Radjabov.[64] Dette gjorde at han den 5. september 2008 for første gong toppa den uoffisielle ratinglista for verdstoppen i sjakk – 0,4 ratingpoeng framfor verdsmeisteren Viswanathan Anand.[65] Sluttresultatet vart også bra, 3 sigrar, 3 tap og 4 remisar med 3 poeng for vinst og 1 poeng for remis gav 13 poeng og andreplass, etter den suverene vinnaren Topalov, som klarte 17 poeng.[66]

Sjakk-OL Dresden 2008[endre | endre wikiteksten]

Magnus Carlsen spelte 1. bord for det norske laget i sjakkolympiaden (lag-VM i sjakk) i Dresden i november 2008. Han tok 7,5 poeng på 11 parti etter 5 sigrar, 5 remisar og eit tap, ratingprestasjon på 2757.[67] Sterkaste prestasjon var sigeren i 4. runde mot Michael Adams, England, rata 2734.[68]

2009 – tidenes beste tenåring og verdas beste i andre halvår[endre | endre wikiteksten]

Juryens spesialpris under idrettsgallaen[endre | endre wikiteksten]

Under idrettsgallaen på Hamar 10. januar 2009 fekk Magnus Carlsen juryens spesialpris. Grunngjevinga var som følgjer: «Utøveren har et sterkt toppidrettshode og en særegen evne til å være fokusert. Prisvinneren er til tross for sin unge alder en meget fryktet motstander i en aktivitet med en milliard utøvere over hele kloden.»[69]

Jamnt gode resultat i første delen av året[endre | endre wikiteksten]

2009 starta middels, med femteplass i Corus-turneringa i Nederland i januar, og tredjeplass i Linares-turneringa i Spania. I Linares vann han for første gong eit langsjakkparti mot verdsmeister Anand. Deretter delte han førsteplassen i blindsjakkdelen av Melody Amber i Nice i Frankrike i mars. Eit labrare resultat i hurtigsjakken gav ein fjerdeplass totalt.[70] Magnus Carlsen leia storturneringa M-Tel Masters i Sofia i Bulgaria i mai før siste runde, men tapte denne mot turneringsvinnaren Alexei Shirov. Shirov fekk dermed 6,5 poeng av 10 moglege. Magnus delte andreplassen med heimefavoritten Veselin Topalov med 6 poeng.[71] I Sparkassen Chess-Meeting i Dortmund i juli vart det også eit bra resultat. Vladimir Kramnik vann med 6 poeng på 9 runder, Magnus fekk 5 poeng, tredjeplass på kvalitet etter Peter Leko med same poengsum.[72]

Treningssamarbeid med Kasparov[endre | endre wikiteksten]

På ettersommaren i 2009 vart det kjent at Magnus sidan tidleg i 2009 hadde eit treningssamarbeid med tidlegare verdsmeister Garri Kasparov. Samarbeidet bestod i fleire treningssamlingar, og kontakt over telefon og Skype. Magnus gav uttrykk for at han hadde stor nytte av dette, og at det bidrog til at han nådde førsteplassen på verdsrankingen hausten 2009. Samarbeidet vart formelt avslutta i mars 2010.[73]

Ratingutvikling[endre | endre wikiteksten]

Magnus Carlsen spelte si første sjakkturnering sommaren 1999, 8 og eit halvt år gamal. Han fekk sitt første norske ratingtal i mai 2000, med 904 basert på 34 parti. Internasjonal rating, FIDE-rating, fekk han første gong pr 1. april 2001 med 2064. Ratingen baserer seg på resultata, og har følgjande utvikling år for år:

Internasjonal FIDE-rating[endre | endre wikiteksten]

Her er tala for kvart år, pr 1. januar, 1. april, 1. juli og 1. oktober:[74] Frå og med andre halvår 2009 kjem den offisielle ratinglista 6 gongar i året, 1. januar, 1. mars, 1. mai, 1. juli, 1. september og 1. november.

  • 2001: ingen – 2064 – 2084 – 2072
  • 2002: 2127 – 2163 – 2214 – 2250
  • 2003: 2279 – 2356 – 2385 – 2450
  • 2004: 2484 – 2552 – 2567 – 2581
  • 2005: 2553 – 2548 – 2528 – 2570
  • 2006: 2625 – 2646 – 2675 – 2698
  • 2007: 2690 – 2693 – 2710 – 2714
  • 2008: 2733 – 2765 – 2775 – 2786
  • 2009: 2776 – 2770 – 2772 – 2772 (sept) – 2801 (nov)
  • 2010: 2810 – 2813 – 2813 – 2826 – 2826 – 2892
  • 2011: 2814 – 2815 – 2815

Norsk rating[endre | endre wikiteksten]

Den norske ratingen viser ei tilsvarande utvikling. Dei offisielle norske tala for januar og juni kvart år[75]. Frå og med 2. halvår 2007 har det i tillegg vore offisielle tal for april og september.

  • 2000: ingen – 904
  • 2001: 1716 – 1907
  • 2002: 2148 – 2237
  • 2003: 2307 – 2346
  • 2004: 2461 – 2568
  • 2005: 2543 – 2522
  • 2006: 2678 – 2716
  • 2007: 2674 – 2729 – 2720 (sept)
  • 2008: 2750 – 2790 – 2792 – 2788
  • 2009: 2768 – 2765 – 2781 – 2779
  • 2010: 2836 – 2832 – 2832 – 2853
  • 2011: 2824 – 2821

Heider[endre | endre wikiteksten]

Magnus Carlsen har fått fleire prisar og heidersteikn.

  • Han fekk sjakk-Oscar for 2009 og 2010. Sjakk-Oscar blir gitt til den beste spelaren siste år, etter ei avstemming blant sjakkjournalistar og sjakkekspertar verda over. Det russiske sjakkbladet 64 har delt ut prisen sidan 1995.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. FIDE – «Top 100 Players January 2010», januarlista 2010.
  2. Kasparov, Garry. «The 2013 TIME 100». Time (på engelsk). ISSN 0040-781X. 
  3. «Carlsen-klubb gir fra seg 35 delegater», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 28. juli 2019 
  4. «Carlsens nye sjakklubb betaler for nye medlemmer: – Han vil kuppe kongressen», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 28. juli 2019 
  5. FIDE topp 100 pr 1. april 2008
  6. FIDE topp 100 pr 1. november 2009
  7. FIDE topp 20 juniorar pr 1. januar 2008
  8. FIDE topp 100 pr 1. juli 2006
  9. ChessBase news si liste over sjakk-vedunderbarn
  10. FIDE offisiell topp 100 pr 1. juli 2008.
  11. Uoffisiell ratingliste., arkivert frå originalen 30. september 2009, henta 2. januar 2010 
  12. FIDE offisiell topp 100 pr 1. oktober 2008
  13. Agdestein s. 13
  14. Agdestein s. 14–19
  15. Agdestein s. 16
  16. Agdestein s. 71
  17. Agdestein s. 88–92
  18. Agdestein s. 101–104
  19. Agdestein s. 110–115
  20. Agdestein s. 107–110
  21. Agdestein s. 116–154
  22. Agdestein s. 155–167
  23. Norsk sjakkblad nr. 1, 2004 s. 17–18
  24. Norsk sjakkblad nr. 2, 2004 s. 5–8
  25. Agdestein s. 167–176
  26. Norsk sjakkblad nr. 2, 2004 s.9
  27. Agdestein s. 177–188
  28. Norsk sjakkblad nr. 2, 2004 s. 9
  29. Agdestein s. 188–195
  30. Agdestein s. 198–205
  31. Norsk sjakkblad nr. 3, 2004, s.6–7
  32. Agdestein s. 206–217
  33. Norsk sjakkblad nr. 4, 2004 s. 3–14
  34. Norsk sjakkblad nr. 5, 2004, s.5–7
  35. Norsk sjakkblad nr. 6, 2004 s.17
  36. Norsk sjakkblad nr. 1, 2005 s. 4–11
  37. Norsk sjakkblad nr. 2, 2005 s. 10–11
  38. Norsk sjakkblad nr. 4, 2005 s. 2 og 28–29
  39. Norsk sjakkblad nr. 4, 2005 s.4–11
  40. Norsk sjakkblad nr. 6, 2005 s. 4–8
  41. arkivkopi, arkivert frå originalen 19. februar 2008, henta 8. september 2008 
  42. Norsk sjakkblad nr. 6, 2005 s. 10–13
  43. Norsk sjakkblad nr. 1, 2006 s. 12–26
  44. chessgames.com, Norsk sjakkblad nr. 2, 2006 s. 5–6
  45. Norsk sjakkblad nr. 2, 2006 s. 6–12
  46. Norsk sjakkblad nr. 3, 2006 s. 34–42
  47. chessgames.com
  48. Norsk sjakkblad nr. 4, 2006 s. 18–25
  49. www.bielchessfestival.ch, arkivert frå originalen 17. desember 2007, henta 27. juni 2008 
  50. [1][2], Norsk sjakkblad nr. 5, 2006 s. 27–28
  51. Norsk sjakkblad nr. 5, 2006 s. 12–16
  52. Norsk sjakkblad nr. 6, 2006 s. 18–19
  53. Norsk sjakkblad nr. 1, 2007 s. 10–15
  54. Norsk sjakkblad nr. 2, 2007 s. 10–17
  55. http://www.amberchess2008.com/ambersite2007/index.html
  56. http://www.bielchessfestival.ch/cms/index.php?option=com_content&task=view&id=90&Itemid=146[daud lenkje]
  57. http://www.amberchess2008.com/
  58. http://baku2008.fide.com/
  59. http://www.chessbase.com/newsdetail.asp?newsid=4672
  60. http://www.ukrchess.org.ua/aerosvit2008/index_e.htm
  61. http://chessbase.com/newsdetail.asp?newsid=4712
  62. http://chessbase.com/newsdetail.asp?newsid=4738
  63. arkivkopi, arkivert frå originalen 13. september 2008, henta 27. juni 2008 
  64. arkivkopi, arkivert frå originalen 12. september 2008, henta 8. september 2008 
  65. Uoffisiell ratingliste.
  66. Norsk sjakkblad nr. 5–2008 s. 18–19
  67. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 28. februar 2009 
  68. Magnus Carlsen–Michael Adams, Sjakk-OL Dresden 2008 1–0
  69. Norsk sjakkblad 2009 nr. 1, s. 23
  70. Norsk sjakkblad 2009 nr. 2 s. 40–43
  71. Norsk sjakkblad 2009 nr. 3 s. 35–37
  72. Norsk sjakkblad 2009 nr. 4 s. 6–7
  73. Chessbase om avslutninga av samarbeidet
  74. http://ratings.fide.com/card.phtml?event=1503014
  75. arkivkopi, arkivert frå originalen 16. oktober 2011, henta 8. september 2008 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]