Katta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lemur)
Katta
Ein katta sit på bakken i Berenty-reservatet på Madagaskar.
Ein katta sit på bakken i Berenty-reservatet på Madagaskar.
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av katta
Utbreiinga av katta
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Primatar Primates
Infraorden: Lemuriformes
Overfamilie: Lemuroidea
Familie: Lemuridae
Slekt: Lemur
Art: Katta L. catta
Vitskapleg namn
Lemur catta

Katta eller ringhalelemur (Lemur catta) er ein art i lemurfamilien i ordenen primat. Han er den einaste arten i slekta Lemur. Katten lever på Madagaskar i galleri- og lauvskog.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kattaen har storleik liknande ein katt. Han vert om lag 39-46 centimeter lang, medan halen er lengre enn kroppen med ei lengd frå rundt 50 cm og opptil 63 cm. Dyret har eit langt hovud som liknar på reven sitt, med ganske store auge og øyre. Øyra har tett hårvekst. Framtennene er er små, og alle har same storleik. Bakføtene er ein del lenger enn framføtene. Halen er dekt av eit lett kjenneleg svart og kvitt stripemønster. Pelsen er grå eller brunleg på ryggen av dyret, lysare på lemmane og gråkvit på buk, hender og føter. Nasen og ringen rundt kvart av auga er svarte.

Kattamor i Zoo de Valencia sit med diande unge i fanget.
Ei gruppe kattaer i Dierenpark Emmen i Nederland prøver å bli varme om morgonen. Gruppa til venstre har samla seg i ein tett «ball», medan dei to til høgre vender magane sine mot sola.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Kattaer held seg i grupper på 5–30 dyr som blir styrte av hodyr. Dei styrker sosiale band og held seg varme ved å halda seg tett saman, i «ballar». Om morgonen varmar kattaene seg også gjerne ved å sola seg, då sit dei oppreiste med den kvite magen vend mot sola.

Dei finn først og fremst føde oppe i trea, men leiter også nede på bakken. Kattaer er altetande som nyttar dei matkjeldene som finst. Dei et mest frukt og blad, då særleg tamarindblad (Tamarindus indica).

Luktesansen er viktig for dyra. Dei bruker luktkjertlar til å markera territorium. Hannane har harde sporar nær luktkjertlane på armane, nær rista, som dei bruker til å skjera små spor i materiale med og leggja igjen luktspor. Kattahannar kan også påføra halen sin lukt og kjempa mot rivalar ved å vifta halen mot dei. Under paringstida tilnærmer dei seg hoer ved å vifta den luktande halen sin mot dei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]