Lennox Kanu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lennox Kanu
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. november 1983
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Lennox Kanu (fødd 29. november 1983) er ein fotballspelar som er fødd i Sierra Leone, men no er norsk statsborgar.

Kanu har spelt fotball lokalt i Rogaland etter at han saman med fem andre hoppa av då laget hans spelte Norway Cup i 2000. I Rogaland har han blant anna spelt for Viking FK, Vidar og Sandnes Ulf.

Han blei Sogndal fotballs dyraste spelar då han blei kjøpt frå Sandnes Ulf etter eit vellukka låneopphald hausten 2006 for 1,3 millionar norske kroner. Han valde Sogndal framfor blant andre Viking, som også var ute etter stortalentet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]