Leontopithecus caissara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leontopithecus caissara
Leontopithecus caissara
Leontopithecus caissara
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Leontopithecus caissara
Utbreiinga av Leontopithecus caissara
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Primatar Primates
Infraorden: Simiiformes
Parvorden: Platyrrhini
Familie: Callitrichidae
Slekt: Leontopithecus
Art: L. caissara
Vitskapleg namn
Leontopithecus caissara

Leontopithecus caissara, «svarthovudløveape», er ein liten løveapeart i silkeapefamilien, Callitrichidae. Det spesifikke namnet caissara er ein referanse til caicaras, folkesetnaden på Superagui-øya. Arten er sterkt trua (EN) og er endemisk for kystskogar i det søraustlege Brasil. Den totale bestanden er truleg inntil 400 individ, eller maksimalt 250 vaksne individ.[1]

L. caissara vart ikkje kjend som art før i 1990 då to brasilianske forskarar skildra arten basert på individ frå øya Superagui i den brasilianske delstaten Paraná.[2] Kort tid etter vart ytterlegare populasjonar oppdaga på det tilstøytande fastlandet i Paraná og heilt sør i delstaten São Paulo.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

To individ i leveområdet
To individ i leveområdet

Arten har generelt gylden-oransje pels med kontrastfullt svart hovud, bein og hale.[2] Kroppslengda er rundt 30,5 cm halen ikkje medrekna, og kroppsvekta ca. 0,6 kg. Halen kan bli over 40 cm lang.[3]

Populasjonen på fastlandet føretrekkjer sumpete og overfløymt sekundærskog som habitat. På Superagui bruker dei hovudsakleg høg låglandsskog og arboreal restinga, det vil seie kystskog på sandjord, som primærhabitat. Begge populasjonane er avgrensa til lågtliggjande område ved kysten under 40 moh.[1]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

L. caissara er ein art som lever i tre og et først og fremst små frukter og virvellause dyr som insekt, edderkoppar og sniglar. Dei er også kjende for å drikke nektar, ete dei unge blada av Bromelia og å ete sopp.[2]

Denne løveapa lever i utvida familiegrupper med 2-8 medlemmer. Innanfor desse familiane er det normalt berre éi hoe som blir drektig per sesong.[1] Fødslar skjer vanlegvis frå september til mars, og hoer føder vanlegvis tvillingar.[3] Sosial interaksjon er ein nøkkelkomponent for å halde oppe eit reproduktivt system som dette. Pelsstell er den vanlegste observerte forma for sosial åtferd mellom individ i gruppa, spesielt innanfor paret.[4]

Trugsmål[endre | endre wikiteksten]

Tap av habitat er det største trugsmålet mot denne arten. Grunnen er at populasjonen er låg, 400 individ totalt, omtrent halvparten er kjønnsmodne, og dei har ein sær og spesifikk habitatpreferanse. Oppdeling, reduksjon og degradering av habitatet, urban ekspansjon kan skje gjennom utvikling av landbruk og utvinning av palmehjarte. Arten er også trua av jakt og ikkje-planlagt økoturisme.[1]

Verne- og bevaringsprosjekt[endre | endre wikiteksten]

L. caissara er oppført som sterkt trua (EN) av Verdas naturvernunion, IUCN, inkludert i 'Endangered Species Act' og er oppført på CITES-vedlegg I.

Superagüi nasjonalpark dekkjer dei fleste av habitata til L. caissara, inkludert Superagui-øya og tilstøytande fastlandsdelar av delstaten Paraná. Nasjonalparken er 340 km2 stor og L. caissara er ein av dei endemiske artane som blir brukte som ei bevaringseining for forvaltning av parken.[5] Populasjonen innanfor delstaten São Paulo er òg verna.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Ludwig, G., Nascimento, A.T.A., Miranda, J.M.D., Martins, M., Jerusalinsky, L. & Mittermeier, R.A. (2021). «Leontopithecus caissara». IUCN Red List of Threatened Species 2021: e.T11503A206547044. Henta 1. september 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Mittermeier, Russell A and Valladares-Pádua, Cláudio and Rylands, Anthony B and Eudey, Ardith A and Butynski, Thomas M and Ganzhorn, Jörg U and Kormos, Rebecca and Aguiar, John M and Walker, Sally (2006). «Primates in peril: the world's 25 most endangered primates, 2004--2006». Primate Conservation (BioOne) 2006: 1––28. 
  3. 3,0 3,1 Martin, P (2003). «Leontopithecus caissara black-faced lion tamarin». Animal Diversity Web. Henta 1. september 2023. 
  4. Gabriela Ludwig (2011), Padrão de atividade, Hábito alimentar, Área de vida e Uso do espaço do mico-leão-de-cara-preta (Leontopithecus caissara Lorini & Persson 1990) (Primates, Callitrichidae) no Parque Nacional do Superagui, Guaraqueçaba, Estado do Paraná. (PDF) (på portugisisk), UNIVERSIDADE FEDERAL DO PARANÁ 
  5. «Superagüi National Park - summary». ParksWatch via Wayback Machine. 2003. Henta 1. september 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Nascimento, Alexandre; Amaral, T.; Schmidlin, Lucia A.J. (2011). «Habitat selection by, and carrying capacity for, the Critically Endangered black-faced lion tamarin Leontopithecus caissara (Primates: Callitrichidae)». Oryx 45 (2): 288–295. doi:10.1017/s0030605310000943.