Delstaten São Paulo
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå São Paulo (fleirtyding).
![]() | |||
Hovudstad | São Paulo | ||
Flatevidd
- Rangering i Brasil |
248 808,8 km² 12. | ||
Folketal (2005) - Rangering i Brasil |
40 442 795 1. | ||
Grunnlagd | 1709 | ||
Offisielle språk | Portugisisk | ||
Guvernør | Cláudio Lembo | ||
Nettstad | www.saopaulo.sp.gov.br/ | ||
| |||
São Paulo er ein delstat i den søraustlege delen av Brasil og har ei befolkning på om lag 38 millionar (2003). Hovudstaden heiter òg São Paulo. Delstaten er eit økonomisk og industrielt kraftsenter i Brasil og i Sør-Amerika.
Økonomi[endre | endre wikiteksten]
São Paulo står for om lag ein tredjedel av Brasil sitt BNP og ein tredjedel av landet sitt energiforbruk. Delstaten har omfattande industri, dette innebér både stål-, mekanisk- og elektronikkindustri. Fleire bilkonsern har fabrikkar her og flyprodusenten Embraer har hovudkvarteret sitt i delstaten.
Innan landbruk er blant anna kaffi ein viktig inntektskjelde.
Politikk[endre | endre wikiteksten]
Politikken i São Paulo er kontrollert av Arbeiderpartiet (PT) og av Sosialdemokratane (PSDB). Begge desse partia har opphav i denne delstaten. Guvernøren, Geraldo Alckmin, kjem frå PSDB, og er vald for perioden 2003-2006.
Dei to siste brasilianske presidentane, Fernando Henrique Cardoso (PSDB) og Luiz Inácio Lula da Silva (PT), bur i delstaten.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Den første busetjinga i delstaten er registrert attende til 1532, med danninga av Vila da São Vicente. I 1554 vart det etablert ein jesuitt-misjon som skulle kristne tupi-indianarane i området. Denne misjonen vart seinare til det som i dag er São Paulo by.
Delstaten fekk sitt første økonomiske oppsving på 1900-talet med etableringa av fleire kaffiplantasjar i området. For å kunne eksportere kaffien gjennom hamnebyen Santos vart det i denne perioden bygd både vegar og jernbaner.
Veksten i kaffiplantasjane gjorde at eit stort tal innvandrarar kom til delstaten frå midten av 1900-talet og utover. Desse innvandrarane kom frå land som Tyskland, Italia, Libanon og Japan. I tillegg til innvandrarar, har delstaten òg opplevd ei stor innflytting frå andre delar av Brasil, spesielt frå delstatane i nordaust.
Byar[endre | endre wikiteksten]
Viktige byar er São Paulo (hovudstad), Santos, Campinas, Osasco, São José dos Campos og Ribeirão Preto.
Andre byar er: Araraquara, Araçatuba, Barretos, Bauru, Franca, Jacareí, Jundiaí, Marília, Piracicaba, Presidente Prudente, São Carlos, São José do Rio Preto og Sorocaba.