Leopold I av Anhalt-Dessau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leopold I av Anhalt-Dessau
Leopold I, Prince of Anhalt-Dessau.jpeg
Fødd3. juli 1676
Dessau
Død9. april 1747
Dessau
FøregangarJohan Georg II av Anhalt-Dessau
EtterfylgjarLeopold II av Anhalt-Dessau
Hus eller slektHuset Askanien
GravstadDessau-Roßlau
LandTyskland
MorHenriette Catherine av Nassau
FarJohan Georg II av Anhalt-Dessau
EktefelleAnna Louise Föhse, Sophie Eleonore Söldner
BarnLeopoldine Marie of Anhalt-Dessau, Leopold II Maximilian av Anhalt-Dessau, Henriette Amalie of Anhalt-Dessau, Anna Wilhelmine of Anhalt-Dessau, Prince Moritz of Anhalt-Dessau, Prince Frederick Henry Eugen of Anhalt-Dessau, Dietrich von Anhalt-Dessau, William Gustav of Anhalt-Dessau, Georg Heinrich von Berenhorst, Louise av Anhalt-Dessau, Henriette Marie Luise von Anhalt-Dessau

Leopold (fødd 3. juli 1676 i Dessau, død 3. april 1747 same stad) var fyrste av Anhalt-Dessau og ein prøyssisk feltmarskalk, vanlegvis kjend som Der alte Dessauer («den gamle Dessauer»). Han var eldste son av fyrst Johan Georg II av Dessau og høyrte fyrstefamilien Askanien.

Leopold var alt tolv år gammal oberst i den austerrikske arméen. Etter at faren døydde i 1693 overtok han styringa av fyrstedømet, til å byrje med under mora Henriette av Oranien sitt formyndarskap, og gjekk samstundes inn i brandenburgsk teneste.

Dei første krigsbragdene utførte han 1695-97 i Nederlanda og vart i 1696 forfremma til generalmajor. Styret av fyrstedømet hindra hann ikkje frå å utmerke seg i den spanske arvefølgjekrigen (1701-13) under prins Ludvig av Baden og Eugen av Savoie. Under krigen steig han i gradene til feltmarskalk (1712) og fekk i 1715 befalet over ein prøyssisk-saksisk-dansk armé, som omleira og erobra Stralsund, som vart forsvart av Karl XII av Sverige. Han tente så under Fredrik Vilhelm I sitt styre og drilla den prøyssiske hæren, og særskild organiseringa av infanteriet, med sterk, rå og stundom grufulle handlingar, til ein uvanleg disiplinert og veltrent hær.

Den prøyssiske hæren, som vart frykta under Fredrik II si tid, var hovudsakleg Leopold sitt verk. Etter å ha styrt troppar på underordna krigsskodeplassar under den første schlesiske krigen (1740-42) fekk han under den andre schlesiske krigen kommandere hovudhæren og sigra i 15. desember 1745 over ein austerriksk-saksisk armé ved Kesselsdorf, som seinare førte til freden i Dresden same år. Leopold, som med heider deltok i 22 erobringar og 27 omleiringar, inførte erfaring og mot til den prøyssiske hæren.

Leopold hadde i ekteskapet sitt med apotekardottera Anna Luise Föse frå Dessau tre søner, som vart prøyssiske feltmarskalkar. Ein uekte son, G. H. von Bärenhorst, skaffa seg eit namn som militærforfattar.

Han vart etterfølgd av sonen Leopold II Maximilian av Anhalt-Dessau.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]