Leslie Stephen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leslie Stephen

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 28. november 1832
London
Død

22. februar 1904 (71 år)
Kensington

Yrke journalist, historikar, redaktør, litteraturkritikar, biograf, fjellklatrer, leksikograf, skribent, universitetslærar
Medlem av American Academy of Arts and Sciences
Far James Stephen
Mor Jane Catherine Venn
Ektefelle Julia Stephen, Harriet Stephen
Born Virginia Woolf, Vanessa Bell, Thoby Stephen, Adrian Stephen, Laura Stephen
Leslie Stephen på Commons

Leslie Stephen, (28. november 183222. februar 1904) var ein britisk forfattar, kritikar og fjellklatrarar, fødd og død i London. Han var far til Virginia Woolf og Vanessa Bell.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Stephen var frå London, der faren James Stephen hadde ei toppstilling i statsbyråkratiet. Etter studiar ved Eton College, King's College i London og Trinity Hall i Cambridge, der han tok eksamen til B.A. i 1854 og M.A. i 1857, arbeidde og underviste Stephen i fleire år ved colleget.

I 1865 braut Stephen med si anglikanske tru, og religion i det heile. Han slo seg ned i London som journalist, og vart i 1871 redaktør av Cornhill Magazine. Mellom bidragsytarane til bladet fann ein Robert Louis Stevenson, Thomas Hardy, William Edward Norris, Henry James og James Payn.

I fritida var han aktiv idrettsmann, og dreiv med fjellklatring. Allereie tidleg i 1860-åra byrja han skrive om fjellturar, og han var ein dei tidlegaste formennene, 1865-68, i Alpine Club. I 1871 gav han ut boka The Playground of Europe, der han skildra sine mange fjellferder i Alpane. Boka vart omgåande ein suksess, og var saman med Edward Whymper si bok Scrambles Amongst the Alps, som kom ut same året, med på å drage fleire generasjonar britar ut på tur til Alpane.

Stephen gav i 1876 ut The History of English Thought in the Eighteenth Century, eit verk som vart rekna som eit viktig tillegg til den reint filosofiske litteraturen. Seks år seinare kom The Science of Ethics, ei lærebok som gjorde at Stephen i England vart den best kjende talsmannen for evolusjonsteorien.

Stephen var fyrst gift med ei dotter av forfattaren William M. Thackeray. Etter han vart enkemann, gifta han seg med ei ung enke og fekk fire born med henne, mellom anna dei berømte døtrene Vanessa og Virginia.

Fjellklatring[endre | endre wikiteksten]

Stephen var ein av dei fremste aktørane under den såkalla gullalderen for fjellklatring i Alapane, åra mellom 1854 og 1865, ein periode då mange av stortoppane vart bestige for fyrste gong. Han var med i Alpine Club frå då foreininga vart danna i 1857, og var leiar frå 1865 til -68.

Stephen var den fyrste som besteig fylgjande fjelltoppar, oftast i lag med sin favoritt mellom dei sveitsiske fjellførarane, Melchior Anderegg:

Zinalrothorn, den høgste av fjelltoppane der Stephen var mellom førstebestigarane
  • Wildstrubel– 11. september 1858, saman med T.W. Hinchliff og Melchior Anderegg
  • Bietschhorn – 13. august 1859, saman med Anton Siegen, Johann Siegen og Joseph Ebener
  • Rimpfischhorn – 9. september 1859, saman med Robert Living, Melchior Anderegg og Johann Zumtaugwald
  • Alphubel – 9. august 1860, saman med T.W. Hinchliff, Melchior Anderegg og Peter Perren
  • Blüemlisalphorn – 27. august 1860, saman med Robert Liveing, Melchior Anderegg, F. Ogi, P. Simond og J. K. Stone
  • Schreckhorn – 16. august 1861, saman med Ulrich Kaufmann, Christian Michel og Peter Michel
  • Monte Disgrazia – 23. august 1862, saman med E.S. Kennedy, Thomas Cox og Melchior Anderegg
  • Zinalrothorn – 22. august 1864, saman med Florence Grove, Jakob Anderegg og Melchior Anderegg
  • Mont Mallet – 4. september 1871, saman med G. Loppe, F. A. Wallroth, Melchior Anderegg, Ch. og A. Tournier

Kjelder[endre | endre wikiteksten]