Levi Fragell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Levi Fragell
Levi Fragell, 2011 (cropped).jpg
Fødd 30. mars 1939
Levi Fragell på Commons

Levi Fragell (fødd 30. mars 1939) er ein norsk humanist. Han har tidlegare vore styreleiar og seinare generalsekretær i Human-Etisk Forbund og leiar av den humanistiske verdsorganisasjonen International Humanist and Ethical Union.

Utdanning og arbeid[endre | endre wikiteksten]

I sin ungdom var Fragell predikant i pinserørsla. Som lærarstudent i Trondheim starta han uavhengig av Human-Etisk Forbund den kontroversielle «Aksjon ut av statskirka» i 1970. Han har jobba i avisa Vårt Land som journalist, han var PR- og reklamemann og har vore informasjonssekretær i Justisdepartementet, også under statsråd Inger Louise Valle (Ap), fram til 1981. Han var generalsekretær i Human-Etisk Forbund frå 1981 til 1991. Deretter redaktør i tidsskriftet «Humanist» til 1996 og fram til han gjekk av med pensjon i juni 2006 arbeidde han som spesialrådgjevar i Human-Etisk Forbund med vekt på internasjonalt arbeid.

Organisasjonar og verv[endre | endre wikiteksten]

Fragell var i 2006 ein av stiftarane av Humanistiske sosialdemokrater og blei vald som revisor i foreininga.

Tida i Human-Etisk Forbund[endre | endre wikiteksten]

Fragell sine aktivistmetodar i «Aksjon ut av statskirka» blei først sedde som udanna av leiinga i Human-Etisk Forbund (HEF), spesielt hos den danna grunnleggjaren og styreleiaren Kristian Horn. Etter kvart blei han trass i dette teke inn i varmen og overtok midt på 70-talet styreleiarrolla i HEF. Då hadde forbundet rundt 1500 medlemmer i Noreg.

Under Fragell si leiing var han med på å utvikle HEF til landets største livssynsorganisasjon utanfor statskyrkja. No har forbundet rundt 68.000 medlemmer og har lokallag og tilbod om humanistiske seremoniar over heile landet.

Gjennom sine mange reiser såg han mykje som ikkje var som det burde, og difor tok han initiativ til å stifte HEF sin hjelpeorganisasjon Humanistisk aksjon for menneskerettar i u-land (HAMU).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]