Arbeidarpartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ap)
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Arbeidarpartiet (fleirtyding).
Utdatert
Treng oppdatering: Artikkelen er mellom anna ikkje oppdatert med ny partileiing, men kan òg ha godt av ein generell gjennomgang. er ikkje oppdatert med ny utvikling eller ny informasjon. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å oppdatere han. (24. november 2014)


Arbeidarpartiet
Grunnleggjande
Oppretta 1887
Ideologi Sosialdemokratisk
Partileiar Jonas Gahr Støre
Ungdomsorganisasjon Arbeidernes Ungdomsfylking
Statistikk
Antal medlem
61 av 165
Representantar på fylkesting 236 (2007)
Representantar i kommunestyre 3 238 (2003)
Ordførarar
170 av 430
Valresultat
35 %
Tilknytingar
Internasjonal tilknyting: Den sosialistiske internasjonale
Europeisk tilknyting: Det europeiske sosialistpartiet
Nettstad: www.arbeiderpartiet.no

Arbeidarpartiet (Ap, tidlegare Det norske Arbeiderparti, DNA)[1] er det største sosialdemokratiske partiet i Noreg. Ved å ha regjeringsmakt gjennom store delar av etterkrigstida har partiet sine verdiar sett sterkt preg på landet.

Den noverande leiaren av partiet er Jonas Gahr Støre medan Raymond Johansen er partisekretær. Partiet hadde ei stund to partileiarar, men gjekk tilbake til éin på landsmøtet i 2002.

Ungdomsorganisasjonen til Arbeidarpartiet heiter Arbeidernes Ungdomsfylking, forkorta til AUF.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå starten til andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Det norske Arbeidarparti (DNA) blei danna på eit møte i Arendal i 1887, etter mønster frå dansk og tysk sosialdemokrati. Dei mest framståande personane i partiet var Christian Holtermann Knudsen og Carl Jeppesen. Mellom programpostane var allmenn røysterett. I 1889 fekk partiet sitt program ei sosialistisk målsetjing. Partiet var både fagleg landsorganisasjon og politisk parti fram til 1899, da «Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon» (no LO) blei skipa. Dei første stortingsrepresentantane frå DNA blei valde inn frå Troms i 1903.

I åra før og under første verdskrigen voks det fram ei radikal venstrefløy i fagrørsla og Arbeidarpartiet. Dette hadde samanheng med den raske industrialiseringa, og med det dei mange anleggsarbeidarane som ville ha ei tøffare linje. Leiaren for den radikale fløya i partiet var trønderen Martin Tranmæl.

Tredje Internasjonalen

Den radikale fløya i Arbeidarpartiet fekk fleirtal på landsmøtet i 1918, der dei vedtok at partiet ikkje nødvendigvis ville respektere samfunnsordninga slik ho var sjølv om eit folkefleirtal stod bak ho. I 1919 gjekk Arbeidarpartiet inn i Den kommunistiske Tredje Internasjonalen (Komintern), og i 1920 godtok fleirtalet i partiet dei såkalla «Moskvatesene», dei autoritære opptaksvilkåra Komintern hadde vedteke. Dette førte til kløyving av partiet, og dei prinsipielle sosialdemokratane danna Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti (NSA) i 1921. Olav Oksvik frå Møre og Romsdal var ein sentral personlegdom i dette partiet.

Den politiske gruppa Mot Dag, stifta i 1921 og i hovudsak med intellektuelle medlemmar, var frå starten av tilslutta partiet, og tok sikte på å utgjera ein revolusjonær elite. Men i 1925 vart gruppa ekskludert frå partiet, gjekk inn i Norges kommunistiske parti (1926-28) og var til slutt uavhengig til ho vart oppløyst i 1936.

I 1923 hadde likevel Tranmæl og fleirtalet i DNA fått nok av Komintern. Dei trekte seg ut, sjølv om dei framleis ville vere «sympatiserande organisasjon». Dei som ville stå i Komintern, danna Norges Kommunistiske Parti, med Olav Scheflo som leiande person.

Det var no tre arbeidarparti i landet, og LO, som ikkje var blitt kløyvd, såg dette som svært uheldig. I 1927 gjekk DNA og NSA etter press frå LO saman att. Eit absolutt krav frå NSA var at prinsippet om folkefleirtalet blei slått fast. Ved valet same året blei partiet størst i landet. I 1928 skipa dei jamvel regjering med Christopher Hornsrud som statminister, men denne regjeringa blei avsett av det borgarlege stortingsfleirtalet etter eit par veker.

Valet i 1930 blei eit tilbakeslag, da partiet sin relative del av røystene gjekk ned. Dette skuldast først og fremst ei kraftig mobilisering på borgarleg side, med den høgrenasjonalistiske organisasjonen Fedrelandslaget i brodden for agitasjonskampanjen mot arbeidarrørsla. Men også det at fleirtalet på landsmøtet i Arbeidarpartiet med Tranmæl i brodden hadde forlate prinsippet om folkefleirtalet att, gjorde at partiet stod lagleg til for hogg.

Men før valet i 1933 hadde Arbeidarpartiet konsolidert seg på ei demokratisk linje, og dessutan vedteke ein konkret politikk for å få det arbeidande folket i både bygd og by ut av den lammande økonomiske krisa. Med parolar som «By og land, hand i hand» og «Hele folket i arbeid» og med Johan Nygaardsvold i brodden, gjekk Arbeidarpartiet kraftig fram. Fleirtalet fekk dei ikkje. Men etter eit kriseforlik med Bondepartiet, som og var sterkt misnøgd med den økonomiske politikken til Venstre og Høgre, kunne Johan Nygaardsvold danne den første varige arbeidarpartiregjeringa i Noreg i 1935. Arbeidarpartiet gjekk fram også ved valet i 1936, men fekk heller ikkje no fleirtal åleine. Nygaardsvold-regjeringa heldt likevel fram, heilt til ho blei avsett ved den nazi-tyske invasjonen i 1940. Nygaardsvold-regjeringa og politikken deira førte til ei konsolidering av demokratiet i Noreg, ein begynnande økonomisk framgang og ny optimisme i folket, og la grunnen for den blandingsøkonomiske samfunnsmodellen og velferdsstaten vi har.

Frå 1945 til i dag[endre | endre wikiteksten]

Trass i at borgarlege krinsar prøvde å gi arbeidarrørsla skulda for at Noreg ikkje hadde vore godt nok budd på det nazi-tyske åtaket i 1940, viste folket ved valet i 1945 kva politiske lærdommar folk flest trekte. For første gong blei det sosialistisk fleirtal på Stortinget. Arbeidarpartiet heldt stillinga frå det gode valet i 1936, og Norges Kommunistiske Parti fekk 11 % attåt etter at kommunistane hadde vore svært aktive i motstandskampen. Dei borgarlege gjekk tilbake.

Med Einar Gerhardsen som statsminister kunne Arbeidarpartiet byrja på ein periode på tjue år i regjering. Berre i ein kort periode fyrst på 1950-talet var Gerhardsen avløyst av Oscar Torp, også han frå DNA. Dette var ein stor framgangsperiode for landet, med økonomisk vekst, full sysselsetjing og jamleg meir velstand til dei aller fleste. Dei første gjenreisingsåra etter krigen var prega av nokså direkte politisk styring av økonomien og sosialisme, frå 1952-53 med meir indirekte verkemiddel og meir marknad i blandingsøkonomien.

Men samtidig var det ein periode med visse autoritære trekk, da den kalde krigen slo inn også i Noreg. Ikkje berre kommunistane, men også alle andre som ikkje utan vidare ville applaudere det dei vestlege stormaktene gjorde blei mistenkjeleggjorde. Innetter i Arbeidarpartiet heldt den mektige partisekretæren Haakon Lie eit strengt regime, som effektivt knebla debatten og opposisjonen i parti, fagrørsle og arbeidarpresse. I ettertid er det også vorte prova at det var ulovlege band mellom leiinga i DNA og overvakingspolitiet, slik at mange tusen menneske her i landet er blitt overvaka og delvis skadelidande på grunn av politiske meiningar, utan anna og gyldig grunn.

Dette var bakgrunnen for at nokre følte at ei ny avis måtte skipast av dei som var skeptiske til den offisielle kursen med full støtte til vestleg opprusting og jamvel vestleg imperialisme. Dette bladet kom til i 1953, og var avisa Orientering. Viktig drivkraft var journalisten og DNA-medlemmen Finn Gustavsen, og blant støttespelarane var prinsippfaste sosialdemokratar som Olav Oksvik og Christopher Hornsrud, folk som i 1948-49 hadde gått inn for eit nordisk forsvarsforbund, ikkje NATO. Orienteringskrinsen gjekk inn for eit tredje alternativ, korkje vestleg kapitalisme eller austleg stalinisme, men demokratisk sosialisme og motstand mot all imperialisme og atomopprusting.

Motstanden mot atomopprustinga og særleg uviljen mot å få atomvåpen på norsk jord, fekk tilslutning frå stendig fleire. Dette synte seg under det såkalla «påskeopprøret» i 1958, da unge DNA-medlemmer, mellom dei Berge Furre, fekk fleirtalet i stortingsgruppa til partiet til å skrive under på dette. Reaksjonen var sterk, og var den reelle grunnen til at Furre og fleire blei ekskluderte frå partiet.

Eksklusjonane og det at landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1961 ikkje sa klart nei til atomvåpen i Noreg, gjorde at eit nytt parti på venstresida blei skipa dette året. Partiet vart danna av i hovudsak tidlegare medlemmer i AUF og DNA, og fekk namnet Sosialistisk Folkeparti (SF). Dette var eit venstre-sosialdemokratisk parti som skilte seg frå Arbeidarpartiet ved at dei var mot atomopprustinga, mot vestleg imperialisme også, mot NATO og EEC/EF/EU, og for ein klarare sosialistisk kurs, meir lik den DNA sjølv hadde stått for under Nygaardsvold og dei første Gerhardsen-åra. SF var forløparen til dagens Sosialistisk Venstreparti, danna i 1975.

Frå ca 1965 har DNA og borgarlege koalisjonsregjeringar avløyst kvarandre her i landet. Stort sett stod dei alle for ein kurs som opprettheldt blandingsøkonomien og velferdsstaten i åra som følgde.

Oppslutnad[endre | endre wikiteksten]

Arbeidarpartiet si oppslutning i dei ulike fylka ved stortingsvalet 2005

Arbeidarpartiet si oppslutning stod på høgda dei første tiåra etter andre verdskrigen. Frå 1945 til 1961 hadde partiet reint fleirtal på Stortinget, det beste stortingsvalsresultatet kom i 1957, då Ap fekk 48,3 % av røystene. Arbeidarpartiet har tradisjonelt stått sterkast i byar og industristader og i det indre Austlandet. Dei siste tre tiåra har Hedmark og Oppland vore dei to fylka der Arbeidarpartiet har oppnådd den største oppslutninga.

Ved fylkestingsvalet i 2007 fekk partiet 30,83 % av røystene.

Stortingsvalshistorikk 1921-2009[endre | endre wikiteksten]

Årstal Prosent av røystene
1921 21,3%
1924 18,4%
1927 36,8%
1930 31,4%
1933 40,1%
1936 42,5%
1945 41,0%
1949 45,6%
1953 46,7%
1957 48,3%
1961 46,8%
1965 43,1%
1969 46,5%
1973 35,3%
1977 42,3%
1981 37,2%
1985 40,8%
1989 34,3%
1993 36,9%
1997 35,0%
2001 24,3%
2005 32,7%
2009 35,4 %

Sentrale arbeidarpartipolitikarar[endre | endre wikiteksten]

Leiarar av Arbeidarpartiet[endre | endre wikiteksten]

Andre[endre | endre wikiteksten]

  • Haakon Lie – Partisekretær i perioden 1945–1969.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Politiske parti i Noreg
Sosialistisk venstreparti Arbeidarpartiet Senterpartiet Venstre Kristeleg folkeparti Høgre Framstegspartiet
Abort-motstandernes liste | Demokratane | Kristent samlingsparti | Kystpartiet | Det liberale folkepartiet (DLF) | Liberalistane | Miljøpartiet Dei Grøne | Naturlovpartiet | Norges kommunistiske parti (NKP) | Pensjonistpartiet | Raudt | Reformpartiet | Samefolkets parti | Samfunnspartiet | Sentrumsalliansen