Hopp til innhald

Leymah Gbowee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leymah Gbowee

Fødd1. februar 1972 (53 år)
Monrovia
Statsborgar avLiberia
ReligionDen evangelisk-lutherske kyrkja
Yrkepolitikar, forretningsdrivande, samfunnsøkonom, fredsaktivist, aktivist
InstitusjonarColumbia University
Utdanna vedEastern Mennonite University
MedlemNobel Women's Initiative

Leymah Roberta Gbowee (fødd 1972) er ein liberisk fredsaktivist som var ansvarleg for å organisere ei fredsrørsle som var med på å få slutt på den andre liberiske borgarkrigen i 2003. Dette førte til valet av Ellen Johnson Sirleaf i Liberia, den første demokratisk valde kvinnelege presidenten i Afrika. Saman med Sirleaf og Tawakkul Karman blei Gbowee tildelt Nobels fredspris i 2011 «for sin ikkje-valdelege kamp for tryggleiken til kvinner og for rettane til kvinner til full deltaking i fredsbyggande arbeid».

Leymah Gbowee var 17 år då borgarkrigen braut ut, og ho kunne ikkje ta høgare utdanning. Ho blei etterkvart traumeterapeut og arbeidde med tidlegare barnesoldatar. I 2002 var Leymah Gbowee med på å organisera «Women of Liberia Mass Action for Peace». Fredsrørsla starta med at lokale kvinner bad og song for fred på den lokale fiskemarknaden. Ho organiserte både kristne og muslimske kvinner i Monrovia for å be og halde ikkje-valdelege protestar, kledd i kvite t-skjorter. Folkerørsla har fått mykje av æra for at den liberiske borgarkrigen tok slutt.

Etter krigen har Gbowee vore leiar av sannings- og forsoningskommissjonen i Liberia.

Leymah Gbowee har seks born.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]