Liberia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Republic of Liberia

(norsk: Liberia, liberisk)

Det liberiske flagget
Flagg
Nasjonalsong «All Hail, Liberia, Hail!»
Motto Engelsk: The love of liberty brought us here (Kjærleiken til fridom brakte oss hit)
Geografisk plassering av Liberia
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Monrovia
Styresett
Republikk
Ellen Johnson Sirleaf
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
111 369 km² (103.)
1 %
Folketal
 – Estimert (2015)
 – Tettleik
 
4 195 666 (126.)
37,7 /km² (141.)
Sjølvstende
  - Dato

26. juli 1847
Nasjonaldag 26. juli
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
3 780 mill. USD (167.)
1 200 USD (191.)
Valuta Liberisk dollar
Tidssone UTC
Telefonkode +261
Toppnivådomene .lr


Liberia er ein republikk i Vest-Afrika. Landet grensar til Sierra Leone, Guinea og Elfenbeinskysten.

Kart over Liberia

Klima[endre | endre wikiteksten]

I denne delen av Afrika flyttar den intertropiske konvergenssona med skyer, regn og torevêr seg nordover og sørover i lag med sola, men ligg vanlegvis fire til seks veker etter. Frå oktober til mars, når sola står lågt på himmelen, er vêret generelt tørt og fint med varme og solrike dagar. Perioden april til september er regntid, og regntida er på sitt mest intense i juli og august. I november er det om lag ikkje noko regn att.

Langs kysten kjem det mellom 3500 og 4000 mm kvart år, medan dei indre områda får litt mindre. Temperaturen held seg høg året rundt på kysten, og under tørketida er han høgare i indre strøk. Under regntida er kystområda meir ubehaglege på grunn av høg relativ fukt, som sjeldan går under 80 % på dagtid. I tillegg vert landet i periodar av tørketida råka av den nordaustleg harmattanvinden, som ofte fører med seg støv og sand.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Liberia» på Wikipedia på bokmål/riksmål.